MODALEN: Modalen er kjend for sin romslege økonomi, men har dei siste åra måtta knipa inn på goda. Ordførar Tom Kristian Thorsen meiner likevel det ikkje er noko som tilseier at Modalen vil få det betre ved å slå seg saman med andre. ARKIVFOTO: INGERID JORDAL

Plass til fleire i Modalen

- Modalen har mål om minst 400 innbyggjar, seier ordførar Tom Kristian Thorsen­. Ti-tolv flyktningar vil hjelpa kommunen eitt steg i rett retning.

Publisert 12.01.2016 kl. 19.34.

Midt i oktober tok Thorsen (Solrenningslista) over som ordførar etter Knut Moe (Samlingslista).

- Det har vore ei spennande tid, og eg har lært mykje nytt. No byrjar eg å få oversikt over kva som rører seg, både i kommunen og utanfor, seier Tom Kristian Thorsen.

Kommunestyret har fleire nye representantar, og den nye ordføraren synest det er godt at varaordføraren har lang erfaring. I tillegg har Thorsen fått god starthjelp frå administrasjonen.


Nedskjering

I året som gjekk vart det tydeleg også i Modalen at inntektskurva er nedovergåande. 3-4 millionar mindre å rutta med enn året før, gjev merkbare kutt i 2016-budsjettet.

- Me har måtte skjera ned over heile linja, så det vil nok merkast­, men vonleg ikkje så mykje for folk flest. Me har ikkje måtte seia opp folk, så me har dei same folka som gjer jobben både på skulen, i kommunehuset og på aldersheimen, seier Thorsen.

Når det gjeld kommunehus, er Modalen i gang med å avgjera om det eksisterande bygget kan moderniserast, eller om det skal byggjast heilt nytt kommunehus. Eit skisseprosjekt for nytt «Modalen nærings- og tenestesenter» er presentert for kommunestyret. I neste formannskapsmøte skal politikarane avgjera korleis prosjektet skal takast vidare.


Folk treng hus

Då Thorsen overtok som ordførar i oktober, budde det 388 personar i Modalen. Målet er minst 400 innbyggjarar. Då trengst det fleire­ tomter å byggja på, og dei skal helst ikkje liggja på dyrka mark.

- Me skal laga områdeplan for Otterstad og Trohaug, for å prøva å oppretta nye tomtefelt og for å ha ein meir heilskapleg plan for området, seier THorsen.

Det aktuelle området ligg om lag 1 km frå Mo sentrum, på Otterstad­-sida av elva.

Nokre år vil gå før planar er klare og godkjende, og bygging kan ta til, men framleis finst det nokre ledige tomter i kommunen.


Integrering

Eit husspørsmål som må løysast før den tid, er husvære til 10-12 flyktningar som snart skal koma. For fyrste gong har også Modalen sagt ja til å busetja flyktningar.

- Me har hus ledig på Øvre-Helland. Men sidan dei skal ha språkopplæring, som truleg vil føregå i Knarvik, vert det ei utfordring å pendla om ein ikkje har bil. Det gjeld også viss det kjem familiar, og borna skal vera med på fritidsaktivitetar. Me ynskjer at det skal bli bra for dei å bu i Modalen, og at dei skal bli godt integrerte. I februar får me vita kven det er som kjem. Då må me avklara dette med bustad, seier ordføraren.


Demokrati og ungdom

Som ordførar er han oppteken av å vera ein kontaktperson og tilretteleggjar for lokaldemokratiet.

- Det viktigste for meg er at kommunestyret bestemmer. Eg ynskjer å involvera kommune­styret i det som skjer, og at alle viktige saker vert avgjort der, seier Thorsen.

Nytt i Modalen er eit ungdomsråd, som alt har starta opp å levera innspel og å planleggja arrange­ment.

- Det er kjempekjekt at ungdomsrådet har kome i gang, og innspela dei kjem med, vil me ta seriøst i kommunestyret, understrekar ordføraren.


Samarbeid

Eit moment som har gjort økonomien vanskelegare, er at Vaksdal har sagt opp sine fire sjukeheimsplassar i Modalen.

- Det fører til at me har mindre inntekter, men samstundes har me same bemanning, seier Thorsen.

Han skulle ynskt at samarbeidet med Vaksdal kunne halda fram både på skule, barnehage og aldersheim.

Når det gjeld den store debatten om kommunestruktur, er Thorsen klar på at det til no ikkje har kome fram noko som tilseier at Modalen vil få det betre som del av ein større kommune. Men blir dei tvungne til å slå seg saman, ser han det mest naturleg å venda seg til Nordhordland.