Sandsak i Modalen

Publisert 16.02.2016 kl. 08.56.

Formannskapet i Modalen har møte tysdag 23. februar. På sakskartet står detaljreguleringsplan for sandtak Helland og Krossdal. Modalen har ein hundre år gamal tradisjon for levering av sand og grus. I dag blir det levert 60-80.000 tonn, heiter det i saksutgreiinga. Fylkesmannen har påpeika at planen om sanduttak kan ha store konsekvensar for naturmangfald, landbruk, landskap, friluftsliv, vassdrag og fiskebestand, og at dette må utgreiast. NVE vil ha naturleg vegetasjonsbelte mot elva som hindrar avrenning. Tiltakshavar har teke dette inn i konsekvensutgreiinga. I tillegg til saka om sandtak, skal formannskapet også handsama sak om kulturminnevernmidlar 2016, vedlikehald av kommunale bygg og uttale til interkommunal nærings- og samfunnsplan.