Ti flyktningar rett over nyttår

Publisert 16.09.2015 kl. 12.35.

Modalen held no på med å førebu seg til å ta mot flyktningar for alle fyrste gong, og dei ti fyrste kjem like over nyttår. Det vart opplyst på formannskapsmøtet tysdag. Med det aller fyrste vil ein 50 prosent stilling som flyktningekoordinator verta lyst ut, og språkopplæring kan dei nye innbyggjarane få i Lindås. Når det gjeld bustad så har kommunen ein slik ståande klar på Øvre Helland, i tillegg har kommunen fått tilbod å leiga ein privat bustad. Det er altså gjort vedtak om å ta mot ti flyktningar i 2016. I tillegg ber fylkesmannen om at kommunen også gjer vedtak om å ta mot ti flyktningar årleg fram til 2020..