Modalen: Otterstad-vegen er stengt på ubestemt tid etter raset onsdag ettermiddag. FOTO: SIGNY VIKANE, MO & KLEIVANE VEL

Vegen rasa ut i Modalen

Fylkesveg 569 mellom Romarheim og Modalen er stengt på grunn av at vegen har rasa ut, og kan verta stengt ei god stund framover, melder Vegtrafikksentralen region vest.

Publisert 31.08.2016 kl. 20.45. Oppdatert kl. 11.01.

- Raset har gått ved Otterstad, langs vegen mellom Romarheim og Modalen. Store delar av vegen har forsvunne i ei strekkje på 20-30 meter, opplyser Tore Tysse, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen til Hordaland.

Det var i 19.30-tida Vegtrafikksentralen melde om raset på Twitter.

VED MODALSELVA: Rasstaden fotografert frå andre sida av Modalselva. FOTO: THOMAS BREKKHUS

Stengt for store køyretøy

Store køyretøy kjem ikkje fram. Etter det Hordaland kjenner til, skal det vera råd for mindre bilar å køyra ein lokal, kommunal veg. - Men dette er ikkje noko me kan tilrå, kommenterer Tysse.

Det har vore store nedbørmengder i distriktet i dag, men Tysse kan ikkje seia sikkert om det er regnet som er årsaka. - Det er uråd no å seia om det er langvarig undergraving av vegen som er årsaka, eller om det er ei akutt hending, seier Tysse.


Må byggja ny veg

Vegen er stengt på ubestemt tid, og vegoperatøren vil ta ei ny vurdering av forholda torsdag morgon. Ifylgje Tysse kan utbetring av vegen ta lang tid.

- Ja, dette kan verta ei langvarig stenging. Her må det byggjast ny veg, seier trafikkoperatør Tore Tysse til Hordaland.