annonse

Modalsdagar i helga

MARITIMT
MARITIMT: Besøkjande til Mo kjem både land- og sjøvegen. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
FOLKSAMT
FOLKSAMT: Modalsdagane plar samla mykje folk. (Foto: Arkiv)
UTSTILLING
UTSTILLING: Den norsk-islandske kunstnaren Lina Rut Wilberg, opnar kunstutstilling på Mobryggja fredag. (Foto: Privat)

Fredag startar Modalsdagane – med ekstra fokus på born og unge – og arrangementet vert avslutta sundag med gudsteneste i kyrkja.

Jan-Egil Dyvik

– Spennet er såleis stort og det skal vera noko for kvar ein smak, meiner kultur- og utviklingssjef i Modalen, Ove Sæbø.

Litt nyskaping og nye innslag er det kvart år, men Sæbø, som er heller nytilsett i kommunen, vil observera og sjå kva dagane inneheld, fortel han.

– Til hausten kjem det ny rådmann og biblioteksjef/sjef for Bryggjeslottet. Eg tenkjer me tre saman med dei andre som skal byggja framtida i Modalen, får konsolidera stillinga som det heiter, og finna ut kva arrangementet skal vera i åra framover, meiner Sæbø.

Gratis ungdomskonsert

Fredag er altså fyrst og fremst for born og unge, med barneteater, fotballkamp, ungdomsrådet inviterer til grilling ved moloen og det vert gratis ungdomskonsert med bandet «Utakk» i Bryggjeslottet.

Laurdag legg «Oster» til kai, det er marknad, utsal i Sognafloren, familiekonsert med «Vossarebels», andeløp og til slutt bryggjedans med «Bris».

Det er måleriutstilling av Åse Hauge og fotoutstilling av Mo Fotoklubb, og atelier Midtun held ope heile dagen, går det fram av programmet.

Utstilling i Bryggjeslottet

– Det som for meg kanskje er noko av det største, er opninga av utstillinga «Sandnæringa i Modalen», fortel Sæbø.

På ein av veggene er det laga til ei tidslinje for kommunen si historie, som vert fortalt gjennom tekst og bilete.

– Det er lokale krefter som har teke initiativet til dette, og det er eit stort arbeid som er lagt ned for at dette skal verta så informativt som råd er. Eg trur nok kanskje at ikkje alle modølingar er klar over det som vert fortalt over den sju meter lange veggen i Bryggjelsottet. Så her er det berre å møta fram og verta vis, oppmodar Sæbø.

Norsk-islandsk kunst

Me må også ta med at fredag er det opna ei utstilling på Mobryggja med den norsk-islandske kunstnaren Lina Rut Wilberg.

– Kunstnaren har norsk far, men bur på island. Lina Rut er kjent for sine pappmasjeskulpturar og surrealistisk kunst. Ho er også illustratør og forfattar, opplyser Gudbjørg Vilhjamsdottir på Mobryggja.

jed@avisa-hordaland.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.