annonse

– Modulskulen ligg utanfor faresona for steinras

SKULEN
SKULEN: Skulen på Stanghelle ligg ifylgje Multicosult AS utanfor faresona for steinsprang. (Foto: Marita Saue Hamre)
RAS
RAS: Biletet er frå eit jordras som gjekk på Stanghelle, Brekken. (Foto: Tipsar)

Korkje skulen eller den planlagde modulskulen på Stanghelle ligg innanfor faresona for steinsprang.

Jan-Egil Dyvik

Det kjem fram av eit notat som vert lagt fram for formannskapet måndag.

Det er Multicosult AS som har vurdert området med tanke på rasfare. Dei skriv også i rapporten sin at det er fare for steinsprang mot skuleområdet, men ikkje mot sjølve skulebygget altså.

Det vert likevel rådd til at det vert utført fjellsikringsarbeid for å sikra skuleområdet på grunn av den påviste rasfaren.

Tiltaksplan til 1,3 millionar

– Med bakgrunn i denne konklusjonen tinga kommunen ein tiltaksplan for å sikra skuleområdet, skriv rådgjevar for tekniske tenester, Svein Ove Hesjedal, i notat til formannskapet.

I denne tiltaksplanen vert det rådd til å etablera ein skredvoll og fanggjerde for å hindra steinsprang å nå skuleområdet.

Det skal også skiltast med boltar i bergskråninga aust for ballbana, heiter det.

Ute på tilbod no

Som strakstiltak er arbeida med fjellsikring av skuleområdet med fanggjerde og bolting av

Arbeida med å etablera skredvoll er no ute på tilbod. Alle desse tiltaka skal vera fullførte innan 15. juli, og dei er kalkulerte til om lag 1,3 mill. kr.

– Me vil koma attende til finansieringa i samband med handsaming av Tertialrapport 1–2018. Den vidare vurderinga av skredfaren i området sør for skulen, som Multiconsurlt utarbeider, må sjåast i samanheng med prosjektet «Faresonekartlegging–skred i bratt terreng i Vaksdal kommune», som vert styrt av NVE, og som er venta framlagt no i vår, skriv Hesjedal.

Ras i desember i fjor

Torsdag 7. desember i fjor gjekk det eit steinras frå fjellsida ovanfor den kommunale vegen til Brekkjen på Stanghelle. I all hovudsak enda utrasinga opp på den kommunale vegen.

Skredet inneheld stein og jordmassar, og det kom i ein periode med mykje nedbør.

– Hendinga vart straks meld frå om til rektor ved Stanghelle skule og einingsleiar samfunnsutvikling tok vidare kontakt med geolog hjå Multiconsult Bergen AS, for synfaring same dagen.

Vegen opp til Brekkjen og vegen til Træshaugen vart stengd for all ferdsel, går det fram av notatet.

Evakuering

Geologen sin konklusjon etter den fyrste synfaringa i skredområdet, var at eit bustadhus vart evakuert. Bebuarane vart innlosjerte på hotell på Voss.

Denne situasjonen varte fram til måndag 11. desember. Som konsekvens av denne hendinga vart det gjennom Multiconsult AS tinga ei vurdering- /kartlegging av skredfaren for området Brekkjen/skulen og sørover ned langs den kommunale vegen til krysset på Træshaugen.

Dette arbeidet starta Multiconsult opp 4. januar med synfaring frå helikopter og undersøking av fjellsida til fots.

– Målet med synfaringa var å identifisera potensielle lausområde for skred, kartleggja skredavsetjingar og å vurdera terrengtilhøve med tanke på skred, skriv Hesjedal.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.