annonse

Mogleg promillekøyring med båt

KØYRDE BÅT:
KØYRDE BÅT: To menn var ute i båt ved Eidslandet, medan dei såg ut til å vera rusa. Politiet tok dei begge med for blodprøvetaking. Biletet er nytta som illustrasjon, og er henta frå arkivet. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

Politiet rykte ut etter melding om ein båt som gjekk i ring ved Kallestadsundet.

Klokka 12.25 måndag rykte ein patrulje frå politiet ut til Bjørkheim i Vaksdal kommune.

– Me fekk melding om ein båt som gjekk i ring, og at to personar stod fram som rusa, seier Henning Hegbom hjå Voss lensmannsdistrikt.

Ifylgje bt.no gjekk båten på grunn nord i Kallestadsundet. 

Tek blodprøve av mennene

Då patruljen kom til staden var den eine mannen kome seg i land, medan den andre mannen framleis var i båten.

– Det er snakk om to menn i 20- og 30-åra. Dei vart tatt med for blodprøvetaking, seier Hegbom.

Ifylgje politiet er det mistanke om promille.

Les òg:

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse