annonse

Møt Willy på Vossestrand

GLAD FOR BESØK
GLAD FOR BESØK: – Der er du, korleis går det med deg, seier Selma, og stryk Willy over ryggen. (Foto: Tor Halvorsen/Voss kommune)
POPULÆR VENN
POPULÆR VENN: – Eg er veldig glad i hundar, seier Karin som spanderer fårepølse på Willy. (Foto: Tor Halvorsen/Voss kommune)
HUSVARM
HUSVARM: Agnete Gilbakken, styrar på omsorgstunet, spurde om ikkje Willy kunne besøkja eldre. I starten hang han mest med Agnete. (Foto: Tor Halvorsen/Voss kommune)
PENSJONERT FØRARHUND
PENSJONERT FØRARHUND: Willy (11) får nyta alderdomen på omsorgstunet etter å ha gjort ein god jobb som førarhund for Arne Gilbakken. (Foto: Tor Halvorsen/Voss kommune)

Han trivst godt der det er mat å få, pensjonisten Willy på Vossestrand.

  • Tor Halvorsen

11-åringen gjekk av med pensjon i september, men førarhunden er no i full sving som besøkshund på Vossestrand Omsorgstun.

Frå april 2008 og fram til september i år var labradoodlen Willy førarhund for Arne Gilbakken. Men pensjonsalderen innhenta Willy også, og yngre krefter har overtatt jobben. Ei framtid som turkamerat venta.

Men så spurde Agnete Gilbakken, områdeleiar for område nord i pleie og omsorg i Voss kommune, om ikkje Willy kunne besøkja eldre på Vossestrand Omsorgstun eit par dagar i veka.

– Eit godt tiltak både for hunden og dei eldre, meinte Arne Gilbakken.

Glad i mat

– Han er her eit par dagar i veka. Sidan han har vore førarhund, er han svært roleg, og oppsøkjer berre folk som ynskjer kontakt. Han er ei blanding av labrador og puddel, ein labradoodle, og røyter svært lite. Det er også ein fordel, seier Agnete Gilbakken.

– Men han er glad i mat, og tek til å leggja på seg!

Blitt husvarm

Dei fyrste gongene Willy var på Vossestrand Omsorgstun hang han mest med Agnete.

No er han husvarm, og svinsar hit og dit og helsar på eldre. Som set stor pris på eit besøk av Willy.

– Der er du, korleis går det med deg, seier Selma, og stryk Willy over ryggen. Ho set stor pris på besøk av Willy. Det gjer også Karin, som jamvel hadde litt fårepølse å gje Willy.

– Eg er veldig glad i hundar, det har eg alltid vore, seier Karin.

Bra for eldre

Matfar Arne Gilbakken trur mange set pris på at hunden hans er innom på Vossestrand Omsorgstun nokre dagar i veka.

– Det er mange som likar dyr, og kontakt med dyr har mykje å seia for fleire eldre. Kanskje kan dette vera med på å motivera eldre til å vera engasjerte i kvardagen, seier Arne.

Willy var den fyrste labradoodlen som vart førarhund i Noreg. No har Arne Gilbakken fått ny førarhund, av same rasen. Om Willy seier han: Ein hund med ekstremt flott haldning. Han er tillitsfull og roleg, og slik har han alltid vore.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.