annonse

Møte tysdag om kommuneplanen

NYE VOSS
NYE VOSS: I morgon vert det ope fagmøte på Fleischer’s, om arbeidet med kommuneplanen for Voss og Granvin. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Norconsult skipar tysdag til eit ope fagmøte om arbeidet med kommuneplanen for Voss og Granvin.

Geir Geitle

Målgruppa er fyrst og fremst rådgjevarar og private aktørar.

– Me ser det som ynskjeleg at kommunen trekkjer inn private aktørar og drivkrefter som sit på mykje kunnskap og ressursar. Det er også viktig at desse aktørane får felles informasjon og eit sterkt eigarforhold til kommunane sine mål og satsingar, melder Astrid Rongen, sivilarkitekt i Norconsult på Voss, i ein e-post til Hordaland.

Det blir ei rekkje interessante innleiarar på møtet. Reidar Meel, prosjektleiar i Voss kommune, skal opna med å orientera om prosessen med kommuneplanen. Granvin og Voss si rolle i høve Bergen, og Voss si rolle i høve til Granvin og grendene, vert eit anna tema.

Astrid Rongen skal snakka om berekraftig sentrums- og byutvikling. Geir Lyngås diskuterer om det er ein myte at bygdebyen er motor for veksten i omlandet.

Kven som har råd til å bu i sentrum, er tema for sivilarkitekt Arild Eriksen sitt innlegg. Inge Hommedal, rådgjevar i akustikk ved Norconsult på Voss, skal snakka om støy i planlegginga.

Flaum og rasfare vert vurdert. Simon Wolff frå Fylkesmannen skal orientera om moglegheiter og omsyn til skogkommunane Granvin og Voss.

Møtet finn stad på Fleischer’s Hotel frå middagstid og utover.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.