annonse

Mykje bom for Hilde og stafettjentene

FEMTE PLASS
FEMTE PLASS: Hilde Fenne gjekk stafett sundag i Pokljuka i Slovenia. Her er ho på same plass i fjor.

Det vart ein femteplass for Hilde Fenne og dei andre norske jentene i stafetten sundag.

Sara Finne

- Eg tykkjer eigentleg at me var ganske gode, eg! sprudlar Hilde Fenne etter skiskyttarstafetten i Pokljuka i Slovenia.

Sundag gjekk ho stafetten i verdscupen i lag med lagvenninnene Fanny Horn Birkeland, Tiril Eckhoff og Marte Olsbu.

Sleit på standplass

Fanny Horn Birkeland var fyrst ute i sporet, og starta med ein bom på liggjande skyting. Etter fleire bom på ståande måtte ho ut i to strafferundar, og Birkeland låg nesten to minutt bak teten på ein 19.-plass då ho veksla med Hilde Fenne.

- Det er klart at det ikkje er heilt ideelt å byrja med strafferundar. Men eg tykkjer at me gjekk bra på ski alle saman. Etter det gjekk det berre oppover og oppover, og me henta oss inn meir og meir, seier Fenne.

Tysk siger

Fenne var den som skaut best av dei fire på stafettlaget, med eit ekstraskot på både liggjande og ståande skyting. Ho veksla med Eckhoff 1.44 minutt bak teten, og dei norske jentene låg då på ein 13.-plass.

Eckhoff, som var den raskaste av alle ute i sporet, fekk Noreg opp på ein 9. plass då ho veksla med Marte Olsbu 1:50 bak teten. Men Eckhoff hadde fleire bom både på liggjande og ståande skyting, og Marte Olsbu sleit også på standplass, Dermed kom dei norske jentene i mål på ein femteplass. Det var dei tyske damene som tok sigeren på stafetten. Frankrike, Ukraina og Tsjekkia vart nummer to, tre og fire.

- Tryggare på meg sjølv

Med ein 50.-plass på sprinten på fredag og ein 36.-plass på jaktstarten på laurdag, tykkjer Fenne at skytinga har vorte betre og betre i løpet av helga i Slovenia.

- Eg kjenner at eg vert tryggare på meg sjølv for kvart løp, og eg håpar det fortset i den retninga. Kroppen fungerer bra, og det kjennest herleg å vera i gang att.

Neste helg skal Fenne til Nove Mesto, der verdscupen fortset.

- Då håpar eg på ein bra sprint og ein bra jaktstart. Håpet er å kvalifisera meg til fellesstart, seier ho.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.