annonse

Namnet på den sakna etter Eidfjord-brannen er frigjeve

EIN PERSON OMKOM
EIN PERSON OMKOM: Huset i Eidfjord tok til å brenna i 3-tida natt til tysdag. Ein person omkom i brannen, og politiet meiner det er grunn til å tru at dette er den sakna. (Foto: Siri Flatlandsmo)

Politiet frigjev namnet i samråd med familien.

Sara Finne

Ein person omkom i ein bustadbrann i Eidfjord natt til tysdag. Den omkomne er enno ikkje identifisert, men ein som budde i huset er sakna.

No opplyser politiet at namnet på den sakna er Joar Sæbø, fødd i 1991. 

Politiet frigjev namnet i samråd med familien til Sæbø.

Huset som brann hadde to etasjar, og var ein generasjonsbustad. Fire personar var registrert på adressa, og to av dei var vekkreist då brannen starta. Ein tredje person som var i huset kom seg ut og fekk varsla om brannen.

Huset som ligg i Sjobakkane vart totalskadd i brannen, og det er enno ikkje klart kva som er årsaka.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.