annonse

Når offentlege etatar vert verst

LEIAR:
LEIAR: Offentlege kontor og etatar ser no ut til å vera i fremste linje med å gjera seg vanskeleg tilgjengelege for folk som treng hjelp. (Foto: Terje Hjartnes/Arkiv)

Offentlege kontor og etatar ser no ut til å vera i fremste linje med å gjera seg vanskeleg tilgjengelege for folk som treng hjelp.

DENNE VEKA VART det kjent at du ikkje kjem inn på skattekontoret på Voss utan at du har laga avtale på nett. For mange eldre er dette ekskluderande, og kan oppfattast som provoserande.

Det skaper inntrykk av eit kaldare og meir menneske- fiendtleg samfunn.

SLIK ER DET ikkje berre på Voss, men over heile landet. Skatteetaten har innført nye rutinar som gjer det vanskelegare for mange å få kontakt.

Alternativet er å ringja eit sentralt 800-nummer. Der opplever mange å verta sitjande i det lange og breie og venta. Og kanskje kjem du til ei maskin som svarar.

SAMTIDIG PRESSAR POSTEN på for å få levera post berre annankvar dag. Dette er alarmerande og vil få vidt- rekkjande konsekvensar, spesielt ute i distrikta.

MANGE I VÅRT vidstrekte land mottek lokalaviser gjennom statseigde Posten. Dagleg mottek mange også landsdekkjande aviser som Nationen, Vårt Land og Klassekampen via Posten.

POSTEN GRUNNGJEV REDUKSJONEN med manglande behov. Det som er påfallande, er at Posten ikkje har vore meir frampå i konkurransen om å distribuera aviser, post og varer som det faktisk er behov for å senda ut til husstandane rundt omkring i landet.

I staden reduserer dei tilbodet så mykje at mange av dei som skal ha ting sendt, tek i bruk andre for å få god nok levering.

DERFOR SER ME at andre distributørar enn Posten overtek. Dei leverer no ut aviser, bøker frå bokklubbane, pakker frå netthandel og annan post i stadig aukande grad.

Postoppdraga finst, det er berre det at Posten ikkje lenger synest vera på hogget for å få oppdraga.

Og dette vil ramma folk mest i utkantane.

HER MÅ POLITIKARANE på Stortinget også gripa inn. I eitt av dei rikaste landa i verda må dei offentlege etatane få økonomiske rammer slik at dei kan yta gode nok tenester til menneska som treng det.

DET KAN SJÅ ut til at dei offentlege etatane skal driva mest mogleg som private verksemder.

Då må dei likevel ikkje gløyma det aller viktigaste: private verksemder må faktisk ta omsyn til kundane sine.

BÅDE POSTEN, SKATTEETATEN, Nav og andre må hugsa på kven dei faktisk er til for. Det er folket.

Då må dei også tilpassa seg folket sine ynskje.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.