annonse

Nedrykk for handballdamene

GAV ALT
GAV ALT: Ingeborg Almeland Tveit scora sju mål under kampen. Her under eit straffekast. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Voss tapte kampen mot BSI i går kveld, og handballdamene rykkjer med det ned til 4. divisjon.

Stine Strand Carlsen

– Det var ufatteleg surt å tapa. Me hadde ein jamn kamp heile vegen, men me glapp diverre på slutten, seier Ingeborg Almeland Tveit etter kampslutt.

Kampen enda 28–30 til slutt. Begge omgangar var jamne, men særleg i andre omgang viste Voss musklar. Voss låg i leiinga nærast heile andre omgang, men i dei siste minuttane var det BSI som sette inn fleire mål.

Rykkjer ned

Handballdamene har hatt fleire tap denne sesongen, og rykkjer no det ned til fjerde divisjon.

– Det er jo ikkje noko kjekt å rykkja ned, men det er lite me kan gjera med det no. Å gleppa på slutten av kampane har blitt ein gjengangar denne sesongen, og det er synd, seier Tveit til Hordaland.

Tveit vart kåra til beste spelaren på vossalaget, og sette inn heile sju mål under kampen.

Siste seriekampen for tur

Neste kamp for handballdamene vert mot Årstad på bortebane på laurdag. Dette er den siste seriekampen denne sesongen.

– Me skal gjera vårt beste, men det vert ein kamp med låge skuldrer, avsluttar Tveit.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.