annonse

Nils T. Bjørke får ikkje fast plass

ÉIN FRÅ SP
ÉIN FRÅ SP: Kjersti Toppe får fast plass på Stortinget, medan Nils T. Bjørke truleg må sjå langt etter plassen. (Foto: Siri Flatlandsmo)
VALVAKE
VALVAKE: På Comfort hotel i Bergen jubla politikarane over eit godt resultat. (Foto: Siri Flatlandsmo)
ÉI AV TO
ÉI AV TO: Kjersti Toppe sin plass på Stortinget er sikra. Senterparti-politikarane har all grunn til å smila etter eit knakande godt val. (Foto: Siri Flatlandsmo)

På valvaka til Sp var det jubelstemning heile kvelden. Men det ser ikkje ut til å gå Nils T. Bjørke sin veg.

Siri Flatlandsmo

På Comfort hotel er Sp-politikarane samla. Storskjermen er på og stemninga i taket. Klokka eitt natt til tysdag hadde Senterpartiet 7,5 prosent av stemmene i Hordaland og 10,3 prosent på landsbasis.

– Men det ser ut som det kan verta krevjande å få få inn to kandidatar, seier Bjørke.

Nøgde med resultata

For Sp ser dette ut til å verta eit skikkeleg pangval. I Hordaland har partiet auka med 3,2 prosentpoeng og i landet får partiet 4,9 prosentpoeng meir og åtte fleire mandat enn ved førre Stortingsval.

– Me er veldig nøgde. Men det skulle berre mangla med den politikken me fører, seier 1. kandidat i Hordaland, Kjersti Toppe.

Under førre Stortingsval var hennar Stortingsplass usikker. I kveld er det Nils T. Bjørke som kjempar om plass, som Hordaland sin 2. kandidat.

– Me har gjort vårt beste val sidan 1973. Dette er rett og slett moro, seier Bjørke og applauderer Toppe for den flotte jobben ho har gjort på Stortinget dei siste fire åra.

Held stand

Han trur folk har byrja å sjå kva politikk Sp driv.

– Det er nok det at me har vore tydelege på lokaldemokrati, sjølvstyre og lokal matproduksjon, trur Bjørke.

Toppe synest det er overraskande at regjeringspartia held stand så bra.

– Det likar me ikkje, seier Toppe.

Dei håpar på raudgrøn regjering. Slik stoda er når artikkelen vert publisert, har dei raudgrøne 80 mandat og dei borgarlege 89 mandat.

– Verknadene av mykje sentralisering viser ikkje enno. Og økonomien har kome seg litt i det siste. Eg trur utfordringane vil koma etter kvart, seier Bjørke.

Roleg 2. kandidat

Det ser kanskje ikkje direkte lyst ut for Bjørke og stortingsplass.

– Det ser spøkje ut. Sånn som det ser ut no vert det å jobba i fylkespolitikken, seier han.

For Bjørke er det aller viktigast å få fram Sp sin politikk.

– Men han kan jo koma inn på utamningsmandat, skyt Toppe inn.

Kvelden er enno lang. Bjørke tek situasjonen med knusande ro.

– Me får ta det som det kjem. Det er ikkje noko å stressa med, seier han.

Stemmene er nesten ferdig talde i Vaksdal: 16.6 prosent. Salen klappar.

Tillitserklæring

Modalen 40,1 prosent. Enorm applaus. Ulvik, 34,0 prosent. Granvin 38,4 prosent. Voss. 29,5 prosent. Ståande applaus.

– Dette er jo ei tillittserklæring, seier Bjørke nøgd.

Han legg til:

– No må me berre jobba vidare. Me må til å tenkja på fylkesordførar når ve veks sånn. Ein må jo ha ambisjonar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.