annonse

Nils T. får stortingsplass

NILS T. BJØRKE
Nils T. Bjørke: Fyrst ute, så inne. No blir Nils T. Bjørke stortingsmann likevel, grunna ekstra god stemmefangst i Bergen. (Foto: Rolf Tepstad)

Senterpartiet får to stortingsmandat frå Hordaland, viser finteljinga i Bergen.

Rolf Tepstad

Det var Bergens Tidende som melde dette tysdag kveld, og fleire andre media har sidan meldt det same.

Dermed får både listetopp Kjersti Toppe og nr 2 Nils T. Bjørke fast plass på Stortinget dei neste fire åra. Bjørke kjem inn på eit utjamningsmandat for Senterpartiet.

– Traktorarbeid

– Eg visste ingenting, då media tok til å ringja. Eg dreiv med utearbeid på garden, seier Nils T. Bjørke i ein kommentar til Hordaland.

– Så då vert det likevel eit heilt nytt liv for deg?

– Ser slik ut. Men eg veit enno ikkje om eg heilt skal tru på det, for kanskje endrar det seg igjen. Men, det verkar vel no som at det er endeleg, ut frå det eg kan lesa.

– Kva tankar gjer du deg då?

– Sjølv om eg no hadde innstilt meg på at det vart gardsarbeid og eit liv her lokalt framover, lyt eg no berre gle meg, både på eigne vegner og ikkje minst på vegner av alle som har stått på for meg. For sjølvsagt skal det bli spennande å ta del i rikspolitikken.

– Dermed lyt du vel og til Oslo ein av dei fyrste dagane, når den nye partigruppa skal samlast?

– Eg trur det er samling denne veka, ja, men eg har ikkje høyrt noko frå Oslo så langt. Men så har eg då òg vore ute på gardsarbeid heile ettermiddagen, i traktoren, og med høyrselsvern. Så me får sjå kva som skjer vidare i kveld, seier Nils T. Bjørke.

Breivik òg inne

Terje Breivik (V), som var inne på utjamingsmandat, fell likevel ikkje ut. Finteljinga har gjeve han fast plass frå Hordaland fylke, på kostnad av Frp sitt tredjemandat, Torkil Åmland.

Dermed får me to representantar på Løvebakken frå vårt distrikt, noko me òg har hatt før. Seinast då Lars Sponheim (V) og Hilde Magnusson (Ap) var der samstundes.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.