annonse

NM-bronse til Hilde Fenne

I FORM
I FORM: Denne helga er det NM i skiskyting. Det har gått bra for vossingen Hilde Fenne så langt. (Foto: Arne Brunes)
FREDAG
FREDAG: Etter NM-sprinten kunne Fenne henga gullmedaljen rundt halsen. (Foto: Arne Brunes)

Vossingen gjekk ut i leiinga i jaktstarten, men forspranget heldt ikkje heilt inn til mål.

Siri Flatlandsmo

Hilde Fenne vann sprinten fredag, og starta fyrst i løpet i dagens 10 kilometer jaktstart. Berre 3,5 sekund bak fulgte Tiril Eckhoff. Hakk i hel, 13,7 bak Echoff jakta Kaia Wøien Nicolaisen sylvet.

Bomma seks gonger

Eckhoff bomma tre gonger og Nicolaisen skaut feilfritt. Fenne bomma seks gonger, og då heldt det ikkje til gull denne gongen.

Den gjævaste medaljen gjekk til Eckhoff, 34,2 sekund framføre Nicolaisen.

Bronsen sikra Fenne då ho kryssa mållina 53,5 sekund bak Eckhoff. Nummer fire og fem vart Marte Olsbu og Synnøve Solemdal.

Bø starta ikkje

I herreklassen starta ikkje Johannes Thingnes Bø til start, og Håvard Gutubø Bogestveit overtok leiinga. Heller ikkje han greidde å hande på forspranget.

Kristoffer Skjelvik starta 14 sekund bak, men skaut feilfritt og vann likevel. På andre plass kom Aslak Nenseter, og Henrik L'Abée-Lund gjekk inn til ein tredjeplass.

Sundag er siste dag i skiskyttar-NM. Då står fellesstart for tur, for både kvinner og menn.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.