annonse

NM-gull i herrefrisering til Capilli

NOREGSMEISTER
NOREGSMEISTER: Ariel Steine Rasdal vart noregsmeister i frisør-NM med helga. (Foto: Natalia Pipkina)
NOREGSMEISTERSKAP:
NOREGSMEISTERSKAP: Ariel Steine Rasdal tok 1. plassen (i midten) og Lena Holven tok 3. plass (t.h.) i årets NM i frisør i Oslo med helga. Malena Seim frå Norheimsund tok 2. plassen. (Foto: Natalia Pipkina)

Frisørlærling Ariel Steine Rasdal på Capilli Frisør blei noregsmeister i frisør-NM.

Marita Saue Hamre

Sist helg blei noregsmeisterskapet i frisør og negledesign arrangert i Oslo Spektrum, og lærlingane frå Capilli Frisør stilte sterkt i sin kategori.

Ariel Steine Rasdal vann kategorien herrefrisering, og kan smykka seg med tittelen noregsmeister. – Då dei las opp namnet mitt, og eg skjøna at eg vann, så blei eg utruleg glad, seier Steine Rasdal.

Ho fortel at det ligg fleire timar og hardt arbeid bak resultatet.

– Eg har jobba hardt for dette, og vart letta då eg fekk prisen.

3. og 4. plass

I tillegg til topplasseringa, kom lærlingane Lena Holven og Ørjan Lid på 3. og 4. plass i same kategorien.

– Det er kjekt at me gjer det så godt når me reiser ned saman for å konkurrera, seier Steine Rasdal.

I løpet av helga var det konkurransar på dagtid, og fest med utdeling på kveldstid laurdag.

– Det har vore veldig kjekt, lærerikt og inspirerande.

Malena Seim frå Norheimsund tok 2. plassen i kategorien herrefrisering.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.