Avisa Hordaland

Nyhende

No er toget på Voss!

No er toget på Voss!

Like etter klokka åtte rulla det inn til musikk, flagg og bunadar på Voss stasjon.

– Dette er strålande! Det er liv, røra og fint vêr. Betre kunne det ikkje ha vore! Det er kjekt at vossingane har stilt opp, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb.

På Voss stasjon strøymer det på med folk i alle aldrar, nokre pynta med bunad, andre med flagg i hendene. Snart kjem NRK Sommertoget. For høvet har Ringkjøb òg teke på seg bunad.

– Jernbanen er veldig viktig for Voss. Bunaden har eg på til æra for NRK, jernbanen, og for oss vossingar.

Se dette bildet i full størrelse
Siri Flatlandsmo - PYNTA Alette Hjelmeland og Kjellaug Gjerstad Norheim stilte i bunadar frå Gjerstad, brukt til kyrkjegang. Gerd Honstad Tønjum hadde fått på seg finuniformen ho fekk då ho vart kåra til Voss sin siste stasjonsmeister i 2009.

PYNTA: Alette Hjelmeland og Kjellaug Gjerstad Norheim stilte i bunadar frå Gjerstad, brukt til kyrkjegang. Gerd Honstad Tønjum hadde fått på seg finuniformen ho fekk då ho vart kåra til Voss sin siste stasjonsmeister i 2009.Foto: Siri Flatlandsmo

Se dette bildet i full størrelse
Siri Flatlandsmo - DANSELØVE Lilly Sundve rista laus til musikken av Badnajazzkoret. Saman med ho hadde ho bamsen Fantorangen.

DANSELØVE: Lilly Sundve rista laus til musikken av Badnajazzkoret. Saman med ho hadde ho bamsen Fantorangen.Foto: Siri Flatlandsmo

 

Musikk, mat og dans

Då vossingane strøymer til stasjonen får dei servert gratis kaffi og frukost. Til maten spelar Baljelauget opp stemninga, med Svein Prestegard på baljebass, Olav Undeland på vokal og gitar, Arne Anderdal på hardingfele og Tor Helge Opdahl på trommer.

Snart rullar sommartoget inn på stasjonen til jubel, musikk og norske flagg. Badnajazzkoret tek over underhaldninga, akkompagnert av Baljelauget på direktesendt TV. Vetle Lilly Sundve fekk rista laus saman med bamsen Fantorangen framføre koret og eit stort publikum.

Like stort som å gå i kyrkja

Bak bandet står Alette Hjelmeland og Kjellaug Gjerstad Norheim i eit par spesielle bunadar med svarte huer. Gerd Ohnstad Tønjum troppar opp i ein uniform ho fekk då ho vart kåra til Voss sin siste stasjonsmeister i 2009.

Se dette bildet i full størrelse
Siri Flatlandsmo - VART INTERVJUA Ordførar Ringkjøb stilte opp til intervju med NRK med ein gong dei gjekk av toget.

VART INTERVJUA: Ordførar Ringkjøb stilte opp til intervju med NRK med ein gong dei gjekk av toget.Foto: Siri Flatlandsmo

– Bunaden er frå garden Gjerstad i Dyrvedalen. Det er bestemora mi som har brukt denne, fortel Norheim.

Drakta skulle brukast til kyrkjegang.

– Men det er like stas å vera her i dag! seier Hjelmeland.

Dei liker sommartoget alle tre, sjølv om Hjelmeland ikkje har tid til å sjå på det midt i turistsesongen.

– Eg synest det er kjempekjekt. Eg er fødd i Flåm og sat og fylgde med onkelen min i går. Det var stas for han, seier Tønjum.

– Eg har irritert meg mange år over sjølvdigging frå programleiarar. No kjem dei ut i heile landet og får visa fram andre folk enn berre i «gryto». Det er kjekt, seier Norheim.

Apropos kyrkjegang; like bortanfor står prest Kjersti Brakestad Boge. Ho slår av ein prat med dei tre damene. Snart seier Hjelmeland:

– No er me inviterte til kyrkja! 

Damene set pris på å kle seg opp i dette gamle plagget. Men sommartoget har teke med seg sommaren - og varmen - til Voss.

– Så eg er glad me ikkje treng å ha dette på oss i dag, seier Norheim.

Det er for ei god sak.

Se dette bildet i full størrelse
Siri Flatlandsmo - MYKJE FOLK Vossingane møtte opp for sommartoget - og for gratis frukost.

MYKJE FOLK: Vossingane møtte opp for sommartoget - og for gratis frukost.Foto: Siri Flatlandsmo

Se dette bildet i full størrelse
 - JAZZA Badnajazzkoret laga stemning, akkopagnert av Baljelauget.

JAZZA: Badnajazzkoret laga stemning, akkopagnert av Baljelauget.

 

Heidra Voss på TV

Ordførar Ringkjøb vart intervjua av NRK.

– Me vossingar er stolte av bygda vår. Utan at me vert for stolte, seier han.

Så han skrytte like godt av Voss på nasjonaldekkjande fjernsyn.

 –  Eg fortalde at Voss har alt, då. Det er ei bygd der det finst noko å gjera for alle. Og så er det fint her, det er ein flott plass å bu.

Toget vert ståande til tysdag 1. august. Då fortset ferda til Ål.

Siri Flatlandsmo - NO ER DET HER! Det blomekledde sommartoget, i sommar (eller hippie?-stil. Det vert ståande til tysdag.

NO ER DET HER!: Det blomekledde sommartoget, i sommar (eller hippie?-stil. Det vert ståande til tysdag.Foto: Siri Flatlandsmo