annonse

No har Vossa Jazz-toget kome

IMPONERT
IMPONERT: Malika Makouf Rasmussen synst det var flott at festivalsjef Trude Storheim møtte opp ved toget i eigen person.
MUSIKK TIL TILKOMSTEN
MUSIKK TIL TILKOMSTEN: «Pop up»-bandet laga godstemning for alle forbipasserande.
SJEFEN I GULT
SJEFEN I GULT: Trude Storheim hjelper med bagasjen. Her ved sida av musikar Kristin Asbjørnsen.
INNE PÅ jazztoget
INNE PÅ jazztoget: Musikk, quiz, mat og drikke. - Stemning, fortel augnevitne. (Foto: Iselin Isungset/Vossa Jazz)

- Det er veldig hyggjeleg at festivalsjefen står på perrongen. Ho kunne ha sete bak eit stort skrivebord og røykt sigar, seier Malika Makouf Rasmussen.

Siri Flatlandsmo Vidar Herre

Ho stig ned togtrappa til musikk frå «pop up»-bandet ved spor 1 på Voss togstasjon. Ho er artisten bak «Club Montrematre» og står i ei klyngje av frivillige, musikarar, jazzentusiastar og vanlege reisande.

- Eg sprang forbi to på vegen til toget, seier Trude Storheim.

Opningsdagen til den 44. Vossa Jazz er hektisk for festivalsjefen.

- Fantastisk på toget

Stemninga er smått kaotisk, men gleda er stor. Både musikkgleda, gjensynsgleda og gleda for at det endeleg er påskeferie.

To studentar går av Vossa Jazz-vogna, som kjem frå Oslo. Dei har ski og bagasje i hendene og er klare for ei vossahelg. Dei slengjer seg om halsen på venninna Mari Sørensen, som står og ventar. Saman med pop up-bandet danna dei ein finfin velkomstkomité.

- Det var fantastisk på toget! Veldig flott og god stemning, seier éi av studentane, Iselin Isungset.

Ho studerer musikkvitskap, og har vore quizvert på jazzvogna saman med Johanne Skaansar, som går på musikkhøgskulen i hovudstaden. Der stod Bushman's Revenge for underhaldninga og det var snacks frå Vossakjøt.

- Folk var veldig entusiastiske, seier Skaansar nøgd.

Alle tre skal vera frivillige på Vossa Jazz, det er ein tradisjon.

Sol inne, men ikkje ute

Like ved sida av dei har Paris-baserte Makouf Rasmussen solbrillene på. Det er overskya, men ho skal snart sola seg i sceneljos. I helga debuterer ho på jazzen. Ho er alt imponert over festivalen, spesielt over sjølvaste festivalsjefen som er med og ber instrument av toget.

- Slikt gjer at ein gler seg til å komma, seier Makouf Rasmussen.

Ho vandrar vidare, til låten «Ain't no sunshine when she's gone». Sol er det kanskje ikkje, men det ser ut til å verta ei strålande helg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.