annonse

No kan du koma med forslag til Årets namn

ÅRETS NAMN
ÅRETS NAMN: Jan Egil Mandelid vart Årets namn i 2015. (Foto: Ingerid Jordal)

Kven har gjort seg fortent til heiderstittelen? Me treng di hjelp til å finna ti nominerte!

  • Redaksjon@avisa-hordaland.no

I løpet av desember skal Hordaland kåra «Årets namn» for 2017. Tittelen skal gå til ein eller fleire personar som har utmerkt seg særskilt i løpet av 2017.

Frå byrjinga av desember startar me røystinga, med ti ulike kandidatar. Før det treng me hjelp til å finna kandidatane!

Kjenner du nokon som fortener heider og ære etter året som har gått?

Du har tre dagar på deg til å senda inn ditt forslag til nominasjon. Me må ha alle forslaga innan måndag 4. desember. Deretter plukkar me ut dei ti nominerte frå alle forslaga me har fått.

Slik gjer du

Send din nominasjon i ein e-post til namn@avisa-hordaland.no eller i ei melding til Facebook-sida vår.

Hugs å leggja ved ei lita grunngjeving for kvifor denne personen eller personane bør verta nominert!

Du kan òg skriva ditt forslag på kupongen, og senda han til Hordaland, Boks 38, 5701 Voss

Merk: Årets namn.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.