annonse

No kjem det store nedbørsmengder og dermed aukar skredfaren

MYKJE NEDBØR
MYKJE NEDBØR: Dei neste dagane er det venta mykje nedbør, så du bør vera obs. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)

Dei neste dagane vert det mykje regn på Voss. Med det aukar faren for både flaum, jord- og snøskred.

Ingvild Siglen Berger

Måndag er eit lågtrykk på veg mot vår del av landet, og det har med seg både fuktig og varm luft.

– Det betyr at det vil verta mykje regn dei neste dagane. Nedbøren vil byrja alt i kveld og i natt, fortel meteorolog Lars Andreas Selberg hjå Vêrvarslinga på Vestlandet.

Onsdag ser det ut til å verta eit lite opphald i nedbøren, som vil halda fram att torsdag.

– Tysdag og torsdag vert dagane med mest nedbør. Det vil halda fram heilt fram til fredag, seier Selberg.

Kan verta flaum

Temperaturane byrjar altså å stiga i kveld. Ifylgje meteorologen skal det verta heilt opp i 6 plussgrader tysdag. Med dei milde temperaturane, flyttar snøgrensa seg lengre opp i fjellet.

– Det kjem regn ganske høgt opp i fjellet. Lokalt kan det koma store nedbørsmengder, men det er førebels litt usikkert nøyaktig kvar det meste vil koma. Uansett kan det vera litt skummelt, for i kombinasjon med mykje snø i fjella vil det truleg verta store vassmengder som må ned i elvene og i Vangsvatnet. Vasstanden der vil auka, fortel Selberg.

Han vil ikkje utelukka at det kan verta flaum, men understrekar at det enno er usikkert.

Stor snøskredfare

Med det milde vêret melder NVE om stor fare for snøskred.

Måndag føremiddag er farenivået for snøskred på Voss og i Hardanger oransje, altså kategori 3, som står for betydeleg fare. Tysdag er nivået heva til raudt for begge områda, som tyder stor fare.

NVE varslar òg om at varsemdsnivået når det gjeld flaum, i tillegg til sørpe- og jordskredfare, er heva til oransje både tysdag og onsdag.

Du kan halda deg oppdatert på farenivåa hjå varsom.no.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.