annonse

- No må du ha vinterdekk på fjellet!

HARDANGERVIDDA
HARDANGERVIDDA: Vinteren kom til Hardangervidda natt til fredag. Biletet er frå Dyranut klokka 13. (Foto: Statens vegvesen)

- Dette gjeld alle fjellovergangane, seier Statens vegvesen.

  • Sara Finne

Natt til fredag kom sesongens fyrste snøfall på fleire av fjellovergangane, mellom anna på Hardangervidda. No oppmodar Statens vegvesen alle bilistar som skal over fjellet om å ta på vinterdekka.

- I natt har det falle snø på Hardangervidda, Valdresflya og Sognefjellet, men ein må ha vinterdekk om ein skal over alle fjellovergangane no. Sjølv om snøen ikkje har lagt seg kan det vera fryst på, og då er det ikkje nok med sommardekk, seier Marius Råve i Statens vegvesen.

Dei fleste fjellovergangane er opne, men fv. 50 mellom Aurland og Hol er stengt på grunn av steinras. Vegvesenet måtte også stengja fv. 55 over Sognefjellet, då alt for mange bilistar møtte opp med sommardekk.

- Det var nok ikkje så mange som var førebudd på dette, seier han.

Snøbygene fortset

Ein skal heller ikkje satsa på at snøen forsvinn i fjellet utover dagen, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

- Det vert skikkeleg guffent vêr i fjellet gjennom heile dagen, og me forventer snøbyger heilt ned til 800-1000 meter over havet. Derfor bør ein heilt klart ta på vinterdekk i dag om du skal køyra over fjellet, seier han.

Ruskevêret vil vara til laurdag ettermiddag, før det byrjar å klarna opp. Men sjølv om snøen forsvinn att, skal ein likevel vera varsam.

- Det vert nattefrost på fjellet heile helga, og då kan det frysa på sjølv om det ikkje er snø, seier Fagerlid.

Sommardekk neste veke att

Dei som tek på vinterdekka i dag, må nok førebu seg på nok eit dekkskifte over helga att. Då er det nemleg meldt varmt og fint att, med temperaturar opp i 15 grader på dagtid.

- Eg vil ikkje anbefala å ta på vinterdekka no med mindre det er høgst nødvendig. Det beste er nok å utsetja turen over fjellet eller køyra ein omveg, seier meteorologen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse