Luksus-VM ventar Noreg 

Publisert 11.01.2017 kl. 07.20.

Handball-VM blir det beste nokon  gong for deltakarane. Privatfly og døgnservice ventar Sander Sagosen og dei andre norske gutane.

Det blir ikkje spart ikkje på stort for dei 24 laga. Alt er berre eit tastetrykk unna. 

–  Eg har aldri opplevd noko  liknande. Det er berre å gå inn med iPaden og taste kva  ein ønsker seg. Nokre liter ekstra vatn, kva slags mat og ekstra handkle for å nemne  noko, seier Gry Hege Knutsen til NTB.

Ho er ansvarlege for alt det praktiske rundt det norske laget. Det har gitt henne mange rare opplevingar opp gjennom åra.

Eige fly

Men denne gongen er alt på tilnærma første klasse. Går Noreg vidare til gruppespelet ventar eit spesialchartera fly på troppen, og det er ikkje snakk om å fly to lag saman. Nei, alle dei 16 nasjonane blir flytta separat.

Og det meste av bagasjen blir sendt i førevegen med hurtigtoget TGV. Alt for at spelarar og leiarar skal ha det enklast mogleg.

– Det er ikkje  mykje  ein  treng å gjere  sjølv her, seier landslagssjef Christian Berge før sitt andre meisterskap i jobben.

Pengeflaum

VM-arrangøren budsjetterer med tett opp mot 300 millionar kroner. Frankrike har ikkje hatt VM sidan 2001. Denne gangen skal fleire eldre franske stjernespelarar ta farvel med gull.

Frankrike er i pulje med Noreg og alle kampane til vertsnasjonen er utselt.

I åttedels- og kvartfinalen kjem dei franske gutane til å spele for nesten 30.000 tilskodarar på ein fotballstadion i Lille.

Noreg møter også Polen, Brasil, Japan og Russland i gruppespelet.

Cuprundane  startar  laurdag neste veke. Finalen går åtte dagar  seinare.

Noreg skal følgje opp den overraskande 4.-plassen frå fjorårets EM.

(©NPK)