annonse

Ny varslingssak på kulturhuset

URO
URO: Det har vore mykje uro rundt drifta av kulturhuset heilt sidan starten. No vil rådmannen ha hjelp utanfrå til å vurdera om huset vert drive på den beste og mest tenlege måten. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Ei ny varslingssak råkar Voss kulturhus, kulturhus­leiinga og Voss kommune.

Nils Kvamsdal Geir Geitle

Medan varselet hausten 2016 galdt kommunalsjef for kultur og fritid, er kritikken denne gongen i hovudsak retta mot kulturhussjef Thor Morten Trå. Trå tok til i jobben 1. mars 2017, etter at kommunen hadde brukt 700.000 kroner på ein konsulent som skulle «gjera ein leiarjobb» på kulturhuset.

Men mindre enn eitt år seinare, kokar det på nytt i kulturhuset. Denne gongen kjem varselet frå fem tilsette, som hevdar dei har teke ulike tilhøve ved kulturhuset opp fleire gonger, både med kulturhussjef Trå og med fungerande kommunalsjef for kultur og fritid, utan at noko har skjedd. Til sist kopla dei inn hovudverneombod Trude Kvarekval Lydvo.

Lang tid

Varselet vart sendt Voss kommune 24. november, og fyrst rett før påske kom det ei delvis avklaring frå kommunen.

Før avklaringa kom, spurde Hordaland rådmann Einar Hauge å e-post kvifor det hadde teke så lang tid. Hauge svara då: «Kommuneleiinga har brukt tida til å undersøkja dei forholda som er melde inn. Det har tatt den tida det har tatt av omsyn til forsvarleg sakshandsaming».

Drøftingsmøte

Det som i alle fall skjedde, var at rådmannen kalla inn til eit drøftingsmøte med dei tillitsvalde 26. februar. Frå arbeidsgjevarsida stilte rådmann Hauge, personalsjef Mette Matthiessen, fungerande kommunalsjef kultur og fritid Nils Helge Kvamme og advokat Frode Lauareid frå KS Advokatene.

I innkallinga stod det at Voss kommune ynskjer å drøfta «om det er ei løysing å leggja ned den delen av drifta på Voss kulturhus som ikkje gjeld bibliotek, kulturskule, vaksenopplæring og kinodrift». Kommunen hevdar vidare at det kan stillast spørsmål om kor rasjonell og effektiv drifta er i dag. «Dei tilsette som vert råka av ei slik nedlegging vil få tilbod om anna passande arbeid i den mon slikt finst. Alternativet til dette kan vera oppseiingar, heilt eller delvis».

Rot og lovbrot

Varselet inneheld ei rekkje punkt, som mellom anna gjekk på sal av alkohol på arrangement i Gamlekinoen, utan at det var søkt om skjenkeløyve.

Varslarane uttrykte også misnøye med det dei oppfatta som manglande leiareigenskapar hjå kulturhusleiaren, herunder også påstandar om rot med rutinar og prosedyrar.

Til kritikken om mangelfull leiing, svarar rådmannen slik: «Korleis rådmannen vurderer sine leiarar er interne forhold som rådmannen ikkje kan kommentera offentleg. Desse vurderingane vil bli gjevne direkte til dei det gjeld».

Rådmannen sitt ansvar

Hordaland har etterlyst kulturhuskonsulenten sin rapport etter dei knapt fire månadene han skulle gjera ein leiarjobb ved kulturhuset.

Rådmann Hauge opplyser at det ikkje er laga nokon slik konsulentrapport, men at interne statusnotat med vidare vert handsama på same vis som overfor andre leiarar i Voss kommune. «Notat som er ein del av den løpande drifta innan den einskilde kommunalavdeling er normalt unnateke offentlegheit».

Hordaland har også spurt rådmannen om han meiner rotet og feila som vert påtalte er kulturhussjefen sitt ansvar åleine, eller om det er ein systemsvikt som ikkje har vorte fylgt opp av eit høgare nivå i kommunen.

Her svarar Hauge: «Det er rådmannen som har ansvar for at drifta av kommunen skjer i samhøve med lov og avtaleverk».

Kulturhussjefen: – Kjenner meg ikkje att i varselet

Thor Morten Trå visste ikkje om all uroa som har vore ved kulturhuset då han tok til i jobben i mars i fjor.

I løpet av sommaren 2016 gjekk tidlegare kulturhussjef Per Støyva av. Silje Stubø Solstad som vart konstituert som sjef stod i stillinga berre eit par månader før ho også gjekk av. Samtidig pågjekk ei varslingssak frå kulturhustilsette retta mot kommunalsjefen for kultur og fritid i Voss kommune.

Deretter henta kommunen inn ein dyr konsulent frå PWC til å driva kulturhuset vel tre månader.

Så starta Thor Morten Trå som ny kulturhussjef 1. mars 2017.

– Fungerte ikkje

Etter ein relativt kort periode i jobben vart varslingssaka meld inn i november.

– Arbeidsmiljøet i stab ved kulturhuset fungerte ikkje då eg tok til i stillinga. Eg opplevde det som ein negativ kultur frå enkeltpersonar. Det er såleis ikkje slik at det har slutta å fungera etter at eg kom. Det er heller slik at eg har fått for lita tid til å retta opp i situasjonen, kommenterer Thor Morten Trå.

Han hadde berre vore i full jobb i fire månader før han vart skadd i nakken under arbeid for kulturhuset. Trå held fram i arbeidet, men skaden forverra seg slik at han vart 80 prosent sjukmeld i november.

– Unødvendig personangrep

Det gjorde det ikkje enklare å ta tak i situasjonen på kulturhuset, og frå varselet kom var han formelt blokkert frå å ta saka opp med varslarane.

– Eg ynskjer ikkje å gå inn i detaljar. Men eg kjenner meg ikkje att i den delen av varselet som gjeld arbeidsmiljøet. Dette kunne vore løyst på heilt andre måtar. Eg ser på det som eit unødvendig personangrep, seier Trå.

– Eg ynskjer dialog med dei tilsette. Eg synest dei månadene eg har fått jobba fullt er kort tid, legg han til.

– Eg har prøvd å betra situasjonen, og prøver framleis. No er eg oppteken av korleis me skal få arbeidskulturen på plass, løysa det, og koma vidare.

Lei for skjenkefeil

Samtidig vedgår Thor Morten Trå at han har gjort formelle feil når det gjeld skjenkinga, som er ein del av varselet. Han erkjenner at han ikkje visste ting som han burde ha visst.

– Eg har gjort feil, og seier meg lei for det.

– Me prøvde oss på arrangement, og me har evaluert dei i etterkant. Eg er samd i kritikken frå rådmannen, me må bli betre til å planleggja. Samtidig var eg ny i jobben, poengterer han.

– Stort potensial

Grunna sjukmeldinga, har Trå ikkje jobba så aktivt med problemet som han gjerne skulle gjort. Likevel er han positiv, og trur dei skal få løyst det.

Han imøteser ein plan for kulturhuset som det skal setjast i gang arbeid med. Ein ting er han uansett sikker på. Det er at kulturhuset på Voss har eit stort potensial.

– Det såg eg heilt frå starten.