annonse

Nydeleg helg i vente

LUFTIGE SVEV
LUFTIGE SVEV: I helga vert det mykje aktivitet i fjella rundt Voss. Her frå open klasse i Myrkdalen i april i fjor. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)
KLAR, FERDIG, GÅ
KLAR, FERDIg, GÅ: Laurdag skal vossingane få kjenna mjølkesyra i låra. Då går startsskotet for Bavallen Grand Prix. Her frå arrangementet i fjor. (Foto: Siri Flatlandsmo/Arkiv)

Både for fartsglade skientusiastar og for dei som trivst best i solveggen.

Siri Flatlandsmo

Med fleire minusgrader, knallsol både fredag og laurdag og delvis skya på sundag, er det i alle fall ikkje vêret som skal setja ei stoppar for ei fin helg.

Og det gjer heller ikkje aktivitetstilboda, i alle fall ikkje om du er glad i ski eller friluftsliv.

Full fart ned fjellsida

Verd å nemna er det at startskotet for Bavallen Grand Prix går laurdag morgon, for åttande gong. Dette skjer i Voss Resort. I år er det ny påmeldingsrekord med 55 påmelde lag, opplyser dagleg leiar i Fjellheisane, Anna Bryn.

Voss Alpin, NSF Hordaland Skikrins og Voss Resort inviterer born til «Young attacking vikings alpin». Dei oppfordrar alle born opp til 12 år å prøva alpinidretten. I denne samanheng vert det ein skileikarena på Slettafjellet med slalåm- og storslalåmløyper, skikross og fartsmåling.

For dei alle yngste vert det renn i Badnakrokjen.

Railing og utekino

I Myrkdalen er vêret like bra, og laurdag går Rail Jam av stabelen, i Klaus Finne-parken. Etterpå er det utekino med skifilmar på Torget.

I Myrkdalen er det òg ein lagkonkurranse for ungdom, 60,8° Nord. Denne går både laurdag til sundag. Her vert det mellom anna snøholebygging og innføring i bruk av kart og kompass. Aldersgrensa er 14 år.

Moderat snøskredfare

Elles er skiløyper opne både i Voss ski- og tursenter, Raugstad, Hamlagrø, Årmotslia, på Drevtjørn og i fleire andre område. Sundag arrangerer Utferdslaget tur til Mykkeltveitveten. 

Snøskredvarselet er moderat, på nivå 2. Varsom.no opplyser at «Det finst ferske fokksnøflak i leområde. Det er også vedvarande svake lag høgt i snødekket som kan påverkast av ein skikøyrar».

Uansett om du vel solveggen eller ein av dei mange fjelltoppane: Hugs solkrem.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.