annonse

Nye ferjer krev oppgradert kraftnett

KVANNDAL – UTNE
KVANNDAL – UTNE: Ny ferje er bestilt frå Vard Brevik. Ei mindre ferje til Kinsarvik–Utne, er kontrahert ved Oma Baatbyggeri. (Foto: Illustrasjon frå Boreal Norge AS)

Når nye elektriske ferjer skal overta mellom Kvanndal, Utne og Kinsarvik, må linjenettet vera kraftig oppgradert for å levera det som trengst av kraft.

Sigrid Seim

Om to år skal to nybygde ferjer liggja klare til å ta over trafikken mellom Kvanndal og Utne, og Kinsarvik og Utne. Boreal Sjø AS som skal overta drifta i sambandet, har nyleg bestilt ferjer som skal overta, ei frå Oma Baatbyggeri, og ei frå verftet Vard Brevik. Men for å drifta desse, trengst det også store energimengder. Hardanger Energi Nett må skifta ut linjer og kablar som har for liten kapasitet til å levera det som trengst.

– Nettet må oppgraderast for å kunna levera effekten som skal til, både i Kvanndal, på Utne og i Kinsarvik, opplyser dagleg leiar i nettselskapet, Øyvind Svartveit.

Klarar to megawatt

– Me har kome til at me kan levera to megawatt, etter ei oppgradering. Ferjeselskapet ynskjer seg i utgangspunktet så mykje som mogleg, og det ideelle for dei hadde nok vore endå meir enn dette.

Hardanger Energi har gjennomført eit eige forprosjekt på kva som trengst av tiltak for å kunna levera energi til ferjedrifta. Svartveit stadfester at dei også har grovprosjektert tiltaka som trengst.

– Det er lagt opp til at ferja skal direktelada, og ikkje bruka batteribank på land, til ladinga. Det inneber at det ikkje vert så store bygningar på land, men at det må vera høgare kapasitet for uttak på nettet.

Kostar 15 millionar krone

Kostnadene med arbeidet som er skissert, ligg på rundt 15 millionar kroner, meiner Svartveit.

– Det er spesielt i Kvanndal og dels på Utne at det er svakt og tilårskome nett, med lite uttak no. Me bør koma i gang med arbeidet dette året, for det er til dels store arbeid det er snakk om. Det trengst oppgradering over lengre strekningar, frå hovudtrafoar. Arbeidet vil gje sikrare forsyning også for andre lokale kundar, legg han til.

Miljøvenleg

Svartveit er klar på at andre brukarar ikkje skal påverkast negativt av at ferja vert ein ny stor kraftkunde.

– Me er absolutt positive til elferjer, det vil vera positivt for miljøet. Det vert mindre støy, og mindre ureining.

Når det gjeld kostnaden med oppgraderinga av nettet vil det i fyrste omgang gå ei rekning til ferjeselskapet på anleggsbidrag, som i utgangspunktet skal dekkja kostnaden nettselskapet har, seier Svartveit.

Nettselskapet ventar no på ei formell avklaring og tinging frå Boreal, før dei kan gå i gang. Forretningsutviklar Ivan Fossan i Boreal opplyser at dette vil verta avklara, i dialog med nettselskapet og med Skyss, som er reiarlaget sin oppdragsgjevar i denne saka.

Hybrid-ferjer

Ferjene som Boreal har bestilt vil kunna gå fullt ut på straum frå nettet, men har backup-system om bord. Dei er utstyrte med batteripakker om bord, som kan ladast frå straumnettet. Fylkeskommunen har stilt krav om kraftig reduksjon i utslepp av klimagassar, frå ferjeflåten. Den største reduksjonen oppnår dei med utskifting til elektrisk ferje. Frå Oma Baatbyggeri er det tinga ei el-ferje med katamaran-skrog, som har kapasitet til 16 personbilar (eller to vogntog) og 80 passasjerar.

Den nye ferja til Kvanndal–Utne skal ha plass til 60 personbilar, og 199 passasjerar, og skal vera universelt forma ut. Bildekket vil vera skjerma mot sjøsprut.

Ferja er designa av Multi Maritime i Førde, som tidlegare har teikna fleire nye ferjer for Boreal Sjø.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.