annonse

Nye føretak innan foto, media, setjefisk og robotisering

AUTOMATISK VIDEOSYSTEM
AUTOMATISK VIDEOSYSTEM: Voss Media House var eit av dei nye føretaka på Voss i februar. Dei har utvikla ei programvare som vert kalla Camera Vision, eit automatisk videobehandlingssystem for aktivitetsarenaer som til dømes vindtunellen. Her viser Rune Aspvik fram korleis han skannar armbandet som registrerer alle videoane som vert teken av deg medan du flyr. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Gjennom februar månad vart heile 20 selskap melde inn til Brønnøysundregisteret frå Voss åleine.

Rolf Tepstad

Truleg har det aldri vorte oppretta så mange selskap her lokalt i løpet av ein enkelt månad.

Også i grannekommunane synest etableringslysta sterk. I Vaksdal såg fire nye føretak dagsens ljos, i Eidfjord tre, i Ullensvang to og i Ulvik eitt. Arbeidsfeltet ligg over heile spekteret frå foto, media, daglegvarer, setjefiskproduksjon til elektrisk installasjonsarbeid og robotisering. Pluss ei rekkje selskap med aksjehandel og investering som arbeidsfelt.

Tre konkursar kom òg i februar. To på Voss og ein i Vaksdal, alle omtala her i Hordaland tidlegare.

Seks Ekehaug-selskap

Den som studerer lista under her vil sjå at seks av dei 20 nye selskapa på Voss i februar har entreprenør Anders Ekehaug i rolla som både dagleg leiar og styreleiar.

– Dei fire selskapa i Dalsmoen er tomter me har kjøpt, og som me no opparbeider i ledige stunder, opplyser Ekehaug til Hordaland.

– Om tomtene sidan skal seljast eller nyttast i eigen regi er så langt ikkje avgjort, seier han.

Selskapet Liavegen 27 er bygget der Ekehaug Maskin har lageret sitt. Dét har tidlegare heitt Ekehaug Eigedom, eit namn som no er ute or soga.

– Men no omstrukturerer me heile selskapet. Det nyskipa Ekehaug Holding AS vert då morselskapet på toppen, opplyser Ekehaug, som framfor alt driv selskapet Ekehaug Maskin AS.

Under her fylgjer komplett liste over selskap som vart innmelde til Brønnøysundregistera frå vårt distrikt gjennom februar månad.

Voss kommune

BIRGITTE HORN FOTO AS: Føremålet er fotografering og naturleg tilknytt verksemd. Birgitte Horn er dagleg leiar og styreleiar.

BYRDE MUSIC DA: Musikkverksemd under bandet Byrde. Spelejobbar, konserttilskiping og utgjeving av musikk med meir. Ansvarleg selskap, delt ansvar mellom: Simon Aadland, Tommy-Alexander Gjesdal, Torgeir Oliver Tislevoll og Kristian Tverli Iversen (25 prosent kvar).

CABANA WINES AS: Importera vin til Noreg og naturleg tilknytt verksemd. Dagleg leiar: Bjørg Tøn Bystøl. Styreleiar: Gry Bystøl.

DALSMOEN 29 AS: Oppføring, utvikling, drift, kjøp, sal og utleige av fast eigedom. Anders Ekehaug er dagleg leiar og styreleiar.

DALSMOEN 31 AS: Oppføring, utvikling, drift, kjøp, sal og utleige av fast eigedom. Anders Ekehaug er dagleg leiar og styreleiar.

DALSMOEN 36 AS: Oppføring, utvikling, drift, kjøp, sal og utleige av fast eigedom. Anders Ekehaug er dagleg leiar og styreleiar.

DALSMOEN 42 AS: Oppføring, utvikling, drift, kjøp, sal og utleige av fast eigedom. Anders Ekehaug er dagleg leiar og styreleiar.

EKEHAUG HOLDING AS: Eiga, kjøpa og selja aksjar i eitt eller fleire selskap og naturleg tilknytt verksemd. Anders Ekehaug er dagleg leiar og styreleiar.

FADNES HOLDING AS: Investera i andre selskap og naturleg tilknytt verksemd. Jarle Olav Fadnes er både dagleg leiar og styreleiar.

IMEN INVEST AS: Investering, forvalting, utvikling, investeringar i aksjar, andelar i selskap, obligasjonar og tilsvarande. Ivar Eide Nilsen er dagleg leiar og styreleiar.

KJETIL KVALFOSS: Sal av tenester innan grunnarbeid, tømring, skogsdrift, transport og det som naturleg høyrer saman med dette. Innehavar: Kjetil Kvalfoss. Enkeltpersonføretak. (ENK).

KLETTE ELEKTRO AS: Elektrisk installasjonsarbeid. Bjarne Klette er dagleg leiar og styreleiar.

LIAVEGEN 27 AS: Oppføring, utvikling, drift, kjøp, sal og utleige av fast eigedom og naturleg tilknytt verksemd. Anders Ekehaug er dagleg leiar og styreleiar.

OUTLET VOSS AS: Kjøp og sal av varer og tenester. Utleige og leasing av bygge- og anleggsmaskiner og -utstyr og anna naturleg tilknytt verksemd. Dagleg leiar: Arvid Horvei. Styreleiar: Per Støyva.

ROGNE ENTEREPRISES HOLDING AS: Investera i andre selskap. Dagleg leiar og styreleiar Vegard Lid Rogne.

ROGNE TRANSPORT AS: Mekling av transportoppdrag, Kjøp/sal av maskiner/utstyr, sjåførutleige på tunge køyretøy og mobilkranar. Dagleg leiar og styreleiar Vegard Lid Rogne.

SPECIALFUNFOOD V/XAVIER ALCANIZ CAMPDERROS: Sal av mat og kioskvarer frå mobilt anlegg. Innehavar: Xavier Alcaniz Campderros. (ENK).

STANA HOLDING AS: Eiga, kjøpa og selja aksjar i eitt eller fleire selskap og naturleg tilknytt verksemd. Irene Stana er dagleg leiar og styreleiar.

TØMRAR LJ SKJERVHEIM AS: Tømrarverksemd med tilhøyrande sal av produkt som naturleg fell under denne forretningsverksemda. Leif Johan Skjervheim er dagleg leiar og styreleiar.

VIKA TRANSPORT UTLEIGE: Godstransport på veg. Utleige av tilhengjar både med og utan sjåfør. Innehavar: Ole Jørgen Een Vika. (ENK).

VOSS MEDIA HOUSE AS: Utvikling og sal av automatiske videotenester. Rune Aspvik er dagleg leiar og styreleiar.

ØVSTHUS HOLDING AS: Eiga aksjar i eitt eller fleire selskap og naturleg tilknytt verksemd. Styreleiar: Svein Øvsthus.

Eidfjord kommune

HARDANGER STORSMOLT AS: Byggja og driva setjefiskanlegg i Simadal i Eidfjord kommune. Styreleiar: Rune Harald Limstrand.

HTK HOLDING AS: Eiga aksjar i selskap som arrangerer triatlon og andre arrangement. Dagleg leiar: Dag Oliver. Styreleiar: Jan-Sigurd Sørensen.

ZOMBIE HILL SPORTS AS: Arrangera triatlon og andre arrangement. Dagleg leiar: Dag Oliver. Styreleiar: Jan-Sigurd Sørensen.

Ullensvang herad

NÅ DAGLIGVARER AS: Driva daglegvarehandel og naturleg tilknytt verksemd. Daniel Olason Naa er dagleg leiar og styreleiar.

ROTOMA AS: Robotisering til berekraftig servicenæring. Styreleiar: Frode Mastad.

Ulvik herad

EVRO INVEST AS: Eiga og investera i aksjar og naturleg tilknytt verksemd. Tobert Theo Koesharto er dagleg leiar og styreleiar.

Vaksdal kommune

AKSEL HAGEBØ TRANSPORT AS: Godstransport på veg. Utføra og formidla transportoppdrag med vare- og lastebil og naturleg tilknytt verksemd. Aksel Hagebø er dagleg leiar og styreleiar.

ELINA AS: Føremålet er fiske og fangst. Ørjan Tveit er dagleg leiar og styreleiar.

GULF & NORWAY TOURISM KHALID ABDULLA EISSA: Hotellformidling, guiding og reiseleiing. Planlegging for turistgrupper i Noreg og Dei Sameiente Arabiske Emiratar. Innehavar: Khalid Abdulla Eissa Mahmoud Alhammadi. (ENK).

J JUAN BYGG IOAN JURCA AS: Byggje-, renoverings- og anleggsverksemd med naturleg tilknytte tenester. Ioan Jurca er dagleg leiar og styreleiar.

KONKURSAR Vaksdal kommune

ABI KANTINA AS. Bransje: Drift av restaurantar og kafeer. Konkurs opna 8. februar 2018. Bustyrar er advokat Odd Ihle, Bergen.

Voss kommune

TILIA VOSS AS: Bransje: Butikkhandel med kjøkkenutstyr, glas og steintøy. Oppbod 7. februar 2018. Bustyrar: advokat Mats Mæland, Bergen.

TRE BRØR CAFE OG BARDRIFT AS. Bransje: Drift av restaurantar og kafear. Oppbod 2. februar 2018. Bustyrar: advokat Mats Mæland, Bergen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.