annonse

Nysnø på fjellet i Sør-Noreg

SNØ?
SNØ?: Det er meldt snøbyer ned til 600 til 1000 meter tysdag, 2. juli. Biletet er frå Dyranut tysdag morgon. (Foto: Statens vegvesen)

Meteorologane varslar snø ned til 600 til 1000 meter tysdag.

Marita Saue Hamre

– Utover tysdag søkk snøgrensa ned til 600 til 1000 meter, og det kjem nokre snøbyer i fjellet, melder Meteorologene på Twitter.

Varselet gjeld nordvest på fjellet i Sør-Noreg.

– Det er usikkert om det legg seg i vegbana, men med ei kraftig bye om natta kan det kanskje bli kvitt på vegane, skriv dei.

Tysdag morgon kan det sjå ut til at Hardangervidda har fått litt nysnø på bakkane på Dyranut.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse knipsa blikskot frå då snøbya passerte Hemsedal.

Ustabilt vêr

Det har vore ustabilt vêr ein periode no.

Ifylgje vêrmeldingane på yr.no vert det svak vind, og regn, sol og overskya.

Sundag morgon vart fleire bustader utan straum etter kraftig lynnedslag og tore.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse