annonse

Nytt kommunevåpen

NYTT KOMMUNEVÅPEN
NYTT KOMMUNEVÅPEN: Marit Norheim Olde stiller spørsmål ved ein eventuell bruk av raudt som bakgrunn i nytt kommunevåpen. (Foto: Illustrasjon)

Supert at hjorten vert bytt ut med fela, men kva med fargevalet?

Eg ser det er framlegg om raud botn, men då lurar eg på kva det raude skal symbolisera?

Arbeidarpartistyre? Folk som ser raudt i sitt møte med Voss kommune? Draktfargen til FBK Voss?

Kvifor ikkje starta med blanke ark (det vil kanskje kommunen trengja)? Kva har me i den nye kommunen? Jau, fjord, frisk luft, reint vatn og faktisk blå himmel innimellom. Så kvifor ikkje bruka ein fin blåfarge som botn for fela?

Då hjorten på den raude botnen vart teken i bruk, så var det litt tilfeldig. No kan ein ta eit bevisst val i høve til kva kommunevåpenet skal symbolisera. Det vert spennande å sjå framlegga som Logolink og Hardanger Silketrykk skal utarbeida.

Marit Norheim Olde

Klikk for å se kommentarer ()