annonse

Nytt liv i Rongahuset

EIT SPESIELT HUS
EIT SPESIELT HUS: Rongahuset på hjørna av Knute Nelsongata vekkjer både gode og vonde minne for mange. Bridget Penny håpar å skapa nye gode minne i huset ho har kjøpt.

- Det vert spesielt å ta over dette huset. Men det er naturleg å vera open om det som har skjedd her, seier Bridget Penny, som har kjøpt Rongahuset på Evanger.

  • Ingerid Jordal
Sigrid Seim

Huset i Knute Nelsongata som Mona Nordaas budde i er no selt til hennar sambygding, Bridget Penny (50).

Når Penny overtek eigedomen midt i februar, skal ho flytta inn saman med dei fem heimebuande borna sine. Ungane ser fram til å flytta, og få betre plass, seier den nye eigaren.

Som dei fleste lesarane vil vita, vart Mona Nordaas drepen her i sin eigen heim, i juni i fjor. - Ein må vera pragmatisk i forhold til det som har skjedd i huset. Det vert godt å overta, og vidareføra ein aktivitet i huset. Eg kjem til å ta vare på ein god del inventar, og gjera endringar etter kvart som me vert husvarme.

Måtte modnast

Bridget Penny fekk spørsmålet om å kjøpa huset nokså tidleg. Tanken på ein slik handel har modna over tid, seier ho.

- Eg har tenkt mykje, og det vert spennande. Ein ny fase i livet for meg og ungane, tenkjer ho.

- Mona var ei god veninne av meg, som eg sjølvsagt saknar. Me sette stor pris på kvarandre. Det var alltid kjekt å koma hit, dette var ein samlingsstad og ein møteplass som er sakna. Eg ser fram til å skapa nye, gode minne her. Eg har stor familie og behov for meir plass, og dette huset passar for oss, forklarar ho.

Bridget Penny arbeider deltid ved Vestnorsk kulturakademi og som lærar, driv romutleige via AirBnB, og er vert for frivillige som kjem for eit opphald gjennom nettstaden Workaway. Ho er mor til sju, der dei fem yngste er heimebuande.

I huset dei skal flytta til vil ho halda fram med utleige gjennom AirBnB.

Kafeen som Mona Nordaas dreiv vil ho også gjerne vidareføra, og tida vil visa korleis drifta vert.

- Me får veksa inn i huset, og sjå kva me vel å driva med.

Huset er stort, i tre etasjar over gateplan, og med ni soverom i alt. Huset er i ganske bra stand, meiner ho.

Noko vedlikehald vert det, både i form av måling og anna. Betre isolering og energibruk er også naudsynt å sjå på. Fasaden skal ikkje endrast, understrekar ho.

For dei som vil minnast

- Eg ynskjer at huset skal opplevast som ope. Det vert nok mogeleg for dei som ynskjer det å koma inn og tenna lys, og minnast Mona på ulike måtar.

Etterkomarane hennar, som har selt huset, ynskte at huset skulle drivast vidare i same ånda som mora hadde. Den nye eigaren har betalt marknadspris for eigedommen, og skal no selja sitt eige hus, opplyser ho.

- Det vet ein ny fase i livet, for meg og ungane. Eg har inntrykk av at mange her er glade for dette, det vil verta godt for bumiljøet i gata. Og så håpar me at det vert ein familie som overtek mitt hus, som kan tilføra skulen fleire ungar, for eksempel.

Bridget Penny håpar å ha tilboda i huset i drift så fort som mogeleg etter innflytting.

- Det skal verta godt å koma i gang, seier ho optimistisk.

- Det vert fint å setja Evanger på kartet att med positivt forteikn!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.