annonse

Nytt liv på ungdomsherberget

GOD STEMNING
GOD STEMNING: Andrea Gjendem vitja herberget med venninner denne veka. Lasse Hilleborg Andresen til venstre.
FRÅ VENSTRE
FRÅ VENSTRE: Thomas Randgaard Larsen, Lasse Hilleborg Andresen og Christian Landrø driv Mjølfjell ungdomsherberge.
PÅ TUR
PÅ TUR: Mange var på skitur langfredag, og fleire tok turen innom ungdomsherberget.
GODE MINNER
GODE MINNER: Lasse Hilleborg Andresen (i midten) i samtale med Arvid Holund (til v.) og Thea Børholm Holund.
PÅSKE
PÅSKE: Mjølfjell ungdomsherberge ser ganske likt ut, men har fått nye eigarar.

Øvst i Raundalen har tre karar blåst liv att i tradisjonsrike Mjølfjell ungdomsherberge.

Ingvild Siglen Berger

Det var i månadsskiftet oktober/november i fjor at austlendingane Christian Landrø og Thomas Randgaard Larsen bestemte seg for å kjøpa Mjølfjell ungdomsherberge.

- Me såg på fleire stader, og så landa me på Mjølfjell. Her er det moglegheiter og potensial, seier Landrø.

Øvst i Raundalen ligg den tradisjonsrike vandrarheimen, som dei to eigarane har fått med seg danske Lasse Hilleborg Andresen på laget for å driva. Kvar helg sidan februar har dei hatt skuleelevar frå Bergensområdet som gjester, og i påsken er det greitt med gjennomtrekk av folk.

- No har det vore eit par familiar her, ein jentegjeng frå Austlandet og Røde Kors er stasjonert her i påsken, seier Landrø.

Han er kokk, medan Hilleborg Andresen har bakgrunn frå reiselivsbransjen. Randgaard Larsen har dei siste 5-6 åra jobba i finansbransjen.

- Så dette er noko heilt anna, seier han med eit smil.

POSITIVE. Utanfor går det stadig folk forbi på ski, og fleire av dei tek turen oppom for å sjekka ut herberget.

- Folk vil opp her, dei høyrer rykte om at noko skjer. Me får mykje positive tilbakemeldingar, fortel Hilleborg Andresen.

Andrea Gjendem frå Son vitja ungdomsherberget med fleire venninner denne påsken.

- Det har vore heilt fantastisk. Eg har aldri vore her før, men kjenner dei som driv og hadde nok ikkje funne på å dratt hit viss ikkje. Naturen er heilt fantastisk, fortel ho.

Gjendem og venninnene har gått på langrenn og randonee-ski.

- Eg vil anbefala å dra hit med venninner eller kameratar, og oppleva det Mjølfjell har å by på, seier ho.

MANGE MINNER. Også Thea Børholm Holund (11) og bestefar Arvid Holund vitja ungdomsherberget for andre gang fredag etter at dei nye eigarane tok over. Dei kjem frå Åsane og har hytte på Mjølfjell.

- Eg er spent på dei nye eigarane. Ungdomsherberget var eit samlingspunkt før, så eg håpar me får det tilbake. Det er bra at det vert liv, det trongst noko nytt her, seier Holund.

Fyrsteinntrykket meiner han er bra. Bestefaren var sjølv på skuletur til herberget som born, då med Sele skule.

- Mjølfjell var den tidas Myrkdalen. Herberget har rike tradisjonar. Det er mange minner i desse veggane, seier han.

- Det merker me godt. Det var nytt for oss då me byrja at Mjølfjell står så sterkt, spesielt i Bergen, fortel Hilleborg Andresen.

Arvid Holund meiner det er verdifullt at nokon vil bringa ungdomsherberget vidare.

- Mjølfjell hadde ikkje vore det same utan!

SAMLINGSPLASS. På vandrarheimen byr dei på lokal mat og drikke, eige kaffibrenneri og pizza bakt i ekte steinomn.

- Å nytta kortreist mat og drikke er me opptekne av, og me meiner det også er positivt for det lokale næringslivet, seier Hilleborg Andresen.

I hovudbygnaden, også kalla hotellet, finn du den vante peisestova, matstova og kjøkkenet i andre etasje, omkring førti soveplassar i tredje etasje, og baren «Tusser og troll» heilt nedst. Målet er at den skal verta ein samlingsplass for dei som vitjar herberget. Der er også pizzaomnen lokalisert.

- Me vil ta tilbake den gode samtalen. Etter påsken er planen at folk skal få laga sin eigen pizza her, forklarar Hilleborg Andresen.

GJENBRUK. Han fortel at mottoet på ungdomsherberget er «begagnad», som tyder «brukt» på svensk. Dei er alle opptekne av å bruka ting opp att.

- Me har kjøpt brukte lamper til baren, henta sofaen på loftet og dei gamle skia på veggen var det Christian som kom med. Det er godt for miljøet, seier Hilleborg Andresen.

Baren har vorte bygd av gamle plankar frå nabobygget, der dei etter kvart har planar om å riva romma og byggja diverse kontorløysingar. Målet er å tilby kontorplass til gründerar og etablerte i næringslivet som ynskjer ein litt annan stad å jobba frå i periodar. Kontorplass i «idelaboratoriet», som det vert kalla. Til sommaren skal etter planen også det gamle utebassenget få nytt liv.

- Målet er å kunna bada ute i -30 grader. Her ute jaktar me kontrastane, seier Randgaard Larsen.

PÅ SKJENER. Til no går ting etter planen, og økonomien går rundt.

- Får me til det riktige konseptet her, så kan me omsetja for ein del. Tener me noko vil det verta investert i herberget. Me er her for å skapa nytt liv, me har jo flytta til Voss, seier Randgaard Larsen.

Dei tre kompisane byrjar å bli innkøyrde i kvardagen på Mjølfjell.

- Eg tykkjer det meste går på skjener no, seier Hilleborg Andresen.

På Mjølfjell ungdomsherberge er likevel ingen dagar like. No vonar dei fleire vossingar vil ta turen.

- Det har vore litt for få av dei, så me håpar vossingane vil koma, seier Landrø.

- Me ska gje dei ein god grunn til å komma hit, smiler Hilleborg Andresen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.