annonse

Nytt oljepåslepp på avløpsnettet

INGEN SKADE
INGEN SKADE: Ved dette høve vart det ikkje skade på reinseanlegget i Gjernesmoen, slik det vart ved utsleppa i januar og februar, opplyser Ove Hegg. (Foto: Voss kommune)

Opptil 400 liter oljehaldig væske kan ha kome ut på Voss kommune sitt avløpsnett.

Terje Hjartnes

I ei pressemelding frå Voss kommune vert det opplyst at så mykje som 400 liter oljehaldig væske kan ha kome ut på avløpsnettet som fylgje av eit utslepp.

Kjelda er truleg parafinfat i ein bygning som vert riven ned.

Har skjedd før

I januar og februar i år vart det også registrert store utslepp av olje inn i kloakknettet. Den gongen kom olja inn i reinseanlegget på Gjernesmoen, og tok livet av den biologiske reinsingsprosessen i kloakkreinsinga.

Dette førte til utgifter på nær ein halv million kroner for kommunen. Utsleppet vart meldt til politiet, men saka vart lagt bort, då ein ikkje fann ut kva som var kjelda til utsleppet.

Denne gongen er det avdekkja kvar utsleppet kjem frå, og saka er på ny meld til politiet. Etter det Hordaland kjenner til, skal ein ha funne to samanpressa oljefat som er kjelda til utsleppet.

Politiet involvert

Politiet på Voss er i gang med å etterforska saka.

– Me vart oppringde av kommunen, som hadde spora opp at det lukta olje. Dei hadde undersøkt saka, og funne fram til at utsleppet har skjedd i høve riving av eit bygg. I dette høvet skal det ha gått hol på oljefat som inneheldt parafin, seier politioverbetjent Robert Veseth.

Politiet veit førebels ikkje om utsleppa i januar og februar kjem frå same kjelde som utsleppet onsdag ettermiddag. Torsdag ettermiddag seier Veseth at dei har vore på staden og etterforska.

– Me har teke nokre foto, og fått tak i namna på personane me vil avhøyra. Me har ei formeining om kva som har skjedd, og truleg er det snakk om eit uhell, seier Veseth.

Torbjørg Austrud, kommunalsjef for tekniske tenester, fortel at det vart gjort grep etter forrige påslepp av oljehaldig væske, for å unngå olje inn i kloakkreinseanlegget.

– På reinseanlegget har dei kjent lukt av parafin og diesel, men ingenting er komme inn i rotnetanken. Dessutan står den framleis stille etter sist runde, så systemet er for tida ikkje så ømfintleg når det kjem til den biologiske reinsinga, seier Austrud.

– Alvorleg hending

Ho poengterer at oljehaldig væske ikkje høyrer heime i avløpssystemet.

– Slikt skal leverast som spesialavfall. Kor gale det kan gå fekk me eit døme på sist dette skjedde. Då fekk me ingen tips, så olja kom inn i reinseanlegget og inn i rotnetanken. Den drap den biologiske rotneprosessen, og me måtte tømma tanken og starta på nytt. Det er ingen enkel prosess. Det er kostbart og tidkrevjande, seier Austrud.

– Er det samanheng mellom dette utsleppet og utsleppa i januar og februar?

– Det veit me ikkje.

– Kan du seia noko om kvar dette utsleppet kjem frå?

– Det kjem frå ein byggjeplass, der me har dokumentert at det finst to tømte oljefat. Det blir feil av meg å gå ut med noko meir detaljert om kvar utsleppet kjem frå, på dette stadiet i prosessen.

– Veit de om utsleppet er gjort med hensikt eller om det er resultat av eit uhell?

– Det vert det opp til politiet å etterforska vidare for å finna ut av. Det eg kan seia er at me fekk eit tips og reiste til den aktuelle staden. Der fann me tomme oljefat, og både lukt og synlege spor synte at dette vonleg er kjelda for utsleppet. Deretter har me kontakta dei som burde vita noko om det. Det som er heilt klart er at slike utslepp er ulovlege, og det er opp til politiet å reagera, seier Austrud.

Ho seier at kommunen ser svært alvorleg på slike hendingar.

– Slike utslepp er alvorleg for vår del, og det kan gå ut over alle brukarane av avløpssystemet. Kostnadane blir fordelte på alle som er abonnentar, og det seier seg sjølv at ei slik ekstrautgift burde vera unødvendig, seier Torbjørg Austrud.

Skada ikkje anlegget

Ove Hegg, driftsansvarleg ved reinseanlegget på Gjernesmoen, seier at utsleppet ikkje ser ut til å ha gjort skadar på reinseanlegget ved dette høvet. Det er heller ikkje registrert at utsleppet har nådd Vangsvatnet. Hegg fekk melding om utsleppet onsdag ettermiddag, og ein sette straks i gang tiltak.

– Me har ein prosedyre ved melding om mogleg påslepp. Me overvakar innløpet, og registrerer lukt eller film. Denne gongen kjente me svak antydning av lukt, men kunne ikkje sjå noko film eller andre synlege teikn på utslepp. Voss brann og redning vart informert, og stod klare til å rykkja ut med lenser eller eventuelt å hjelpa oss her på reinseanlegget, seier Hegg.

Privatperson melde frå

Det var ein privatperson som kjente lukt av utsleppet, som melde frå til kommunen.

– Meldinga vart ringt inn av ein abonnent som fekk lukt inn frå avløpsnettet. Det er veldig bra at ein både registrerer det og gjev varsel om det. Då fekk me førebudd oss på at ting kunne komma inn til oss i reinseanlegget, seier Hegg.

Han fortel at reinseanlegget går som normalt i dag.

– Så langt me kan sjå har prosessen gått utan skade. Den biologiske prosessen i reinsetrinnet kan ikkje vernast, og ein kan få skade i ettertid, men ingenting tyder på det no, seier Hegg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.