annonse

Nyttårskviss

INN I DET NYE
INN I DET NYE: Snart er det tid for å skyta opp fyrverkeriet nok éin gong. Kor mykje hugsar du frå året som har gått? (Foto: Vidar Herre/arkiv)

Kor mykje kan du om 1980-, 1990-, 2000-talet og året me nesten er ferdige med? Test deg sjølv, venner og familie!

2017

1. Kor mange individuelle gull tok dei norske langrennsherrane under VM i Lathi i februar og mars?

2. Kor mange gull tok dei norske damene på seks konkurransar?

3. Kven vart president i Frankrike etter valet 7. mai?

4. Og kven vart ny president i Austerrike?

5. Angela Merkel fekk fire nye år som forbundskansler etter valet i september. Kva år vart ho fyrst vald til kansler?

6. Kven gjekk til topps i Time Magazine si kåring av Årets person?

7. #Metoo-rørsla starta med skuldingar mot ein amerikansk filmprodusent. Kva heiter han?

8. Årets fredspris gjekk til?

9. Kven skreiv og framførte årets Tingingsverk til Vossa Jazz?

10. Kva TV-program hadde tre kjende vossingar suksess med i år?

Svar:

1. Ingen, men dei tok gull på stafetten 2. Seks. Stafett og lagsprint + Bjørgen (3 ind) og Caspersen Falla (1) 3. Emmanuel Macron 4. Alexander Van der Bellen 5. 2005 6. #Metoo-rørsla 7. Harvey Weinstein 8. Den internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen (ICAN) 9. Susanna (Wallumrød) 10. Eides språksjov

2000-talet

1. Kva år vart Barack Obama innsett som president i USA?

2. Kven tok etter kvart på seg ansvaret for terroraksjonen i New York 11. september 2001?

3. Etter terroraksjonen fekk staden der tviillingtårna stod nytt namn. Kva er namnet?

4. Kva nyttårsfeiring var den siste det var lov med pinnerakettar i Noreg?

5. Hugsar du kven som vann EM i fotball for menn i 2004?

6. Kor mange VM-titlar tok Noreg sitt kvinnelandslag i fotball på 2000-talet?

7. Michael Jackson døydde dette tiåret. Hugsar du dato og årstal?

8. Kva heiter dei tre borna til Michael Jackson?

9. Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit gifta seg dette tiåret. Kva år skjedde det?

10. Og kva år vart Ari Behn og prinsesse Märtha Louise gift?

Svar:

1. 2009 2. Al-Qaida / Osama Bin Laden 3. Ground Zero 4. Då 2007 vart til 2008 5. Hellas 6. Ingen 7. 25. juni 2009 8. Prince Michael Jackson I, Paris Jackson og Michael Jackson II 9. 2001 10. 2002

1990-talet

1. Kven vart toppskårar i fotball-VM

for herrar i Italia, 1990?

2. Kven møttest i finalen, og kva vart

resultatet?

3. Dette er tiåret då prinsesse Diana døydde. Kva år og i kva by skjedde det?

4. 23. februar 1997 klona skotske

forskarar ein sau. Kva namn fekk sauen?

5. Storfilmen Titanic kom også i 1997. Kven spelte dei to hovudrollene?

6. Tsjekkoslovakia vart til Tsjekkia og Slovakia. Kva år skjedde det?

7. Oslo-avtalen var eit forsøk på å skapa fred mellom palestinarar og israelarar. Kven var høvesvis statsminister i Israel og formann i PLO då avtalen vart signert?

8. Kven var ordførar i Voss kommune

frå 1992 til 1999?

9. Lars Sponheim vart valt inn på Stortinget dette tiåret. Kva år?

10. Leonard Cohen gav ut ei plate på 90-talet. Kva heitte den?

Svar:

1. Salvatore Schillaci, 6 mål 2. Vest-Tyskland – Argentina 1-0 3. Paris, 1997 4. Dolly 5. Kate Winslet og Leonardo DiCaprio 6. 1993 7. Yitzhak Rabin og Yasir Arafat 8. Ragnhild Skjerveggen 9. 1993 10. The Future

1980-talet

1. Kva var kallenamnet til dama som var statsminister i England gjennom heile 80-talet?

2. Fire personar var statsminister i Noreg dette tiåret. Kven?

3. Voss kommune hadde to ordførarar på 80-talet. Kven?

4. Kva alvorleg ulukke skjedde skjedde

i Ukraina 26. april 1986?

5. Det norske kvinnelandslaget i fotball vann EM for fyrste gong dette tiåret. Kva år skjedde det?

6. Det vart sylv på handballkvinnene

i OL i Seoul. Kven vann gullet?

7. Kva vert sagt om det brasilianske laget som deltok i fotball-VM 1982?

8. Eirik Kvalfoss tok tre OL-medaljar. Under kva OL skjedde det?

9. Noreg vann Melodi Grand Prix i 1985. Kva heitte låten, og gruppa som framførte den?

10. Kongen av Grand Prix er frå Irland, og vann to gonger på 80-talet. Kva heiter han?

Svar:

1. Margaret Thatcher vart kalla Iron Lady 2. Odvar Nordli, Gro Harlem Brundtland, Kåre Willoch og Jan P. Syse 3. Anders S. Ringheim (1976-1983) og Peder Vangsnes (1984-1991) 4. Tsjernobyl-ulukka 5. 1987 6. Sør-Korea 7. «Det beste laget som aldri vant» 8. Sarajevo 1984 9. La det swinge med Bobbysocks 10. Johnny Logan

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.