Oksenhalvøya går inn i Voss herad

Oksenhalvøya vert ein del av Voss herad frå 1. januar 2020. Dette har Fylkesmannen i Hordaland bestemt.
Fylkesmannen opplyser dette i brev til Voss kommune.
Oksenhalvøya ligg i dag i Ullensvang herad, men folket som bur der har lenge signalisert at dei ynskjer å venda seg mot Voss.
Grendalaget tok initiativet
Det var Oksen Grendalag som tok initiativ til ei justering av kommunegrensa mellom Ullensvang herad og Granvin herad, slik at Oksenhalvøya vert ein del av Granvin, og seinare Voss herad.
Oksenhalvøya inneheld mellom anna grendene Djønno og Tjoflot, og er eit område med fruktdyrking.
Nyttar alt tenestene i Granvin
Innbyggjarane nyttar i dag ei rekkje kommunale tenester, som skule og barnehage, i Granvin.
Saka om grensejustering har vore på høyring. Både Granvin herad og Ullensvang herad gav uttale der dei støtta framlegget om grensejustering.
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.