annonse

Omfattande arbeid for tryggare tunellar

MEIR PLASS
MEIR PLASS: Arbeid i Gudvangatunnelen med mellom andre Baard Inge Vikje og Marius Almeland, som førebur sprenging. Rune Saue, arbeidsformann, og kontrollingeniørane Bjørnar Bodvin og Trond Tjelle. (Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen)
BEITLATUNNELEN
BEITLATUNNELEN: Tunellen ved Dale skal snart utbetrast, saman med Langhelletunnelen lengre vest. Her ei trafikkulukke i Beitlatunnelen der det har vore svært dårlege ljosforhold. (Foto: Vidar Herre)

Oppgraderinga av tunellar på E16 vil halda fram i fleire år. Særleg vil arbeidet på Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen i Aurland merkast for trafikantane.

Sigrid Seim

Statens vegvesen arbeider med å rusta opp og utbetra tunellar i heile fylket, etter eit program som vil vara i minst fem år til.

Mange har alt måtta innretta seg etter stengingar og kolonnekøyring i Gudvangatunnelen. Utbetringsarbeidet her starta alt i 2016. Arbeidet byr på utfordringar for entreprenørane, både fordi tunellen er lang og arbeidet tilsvarande omfattande, men òg fordi det er stor trafikk som ikkje har omkøyringsmoglegheiter. Det er sprengd ut havarinisjer, og snunisje slik at det skal vera mogleg å snu med store køyretøy, midt i tunellen. Sprengingsarbeidet har vore årsak til lengre stengingar seks netter i veka. Denne månaden vil dette arbeidet vera fullført, melder Statens vegvesen.

Betre ljos

I mars skal ein ny entreprenør ta til med elektroarbeid i Gudvangatunnelen, eit arbeid som vil vara til seint i 2019.

– Etter dette arbeidet vil tunellen ha fått mykje betre ljos, telefonar og utstyr som er tilnærma likt det i ein heilt nybygd tunell. Eg trur trafikantane vil oppleva ein heilt annan tunell når dette er ferdig i slutten av 2019, seier Rune B. Sandven. Han er prosjektleiar for tunelloppgraderinga på europa- og riksvegar i Region vest.

Flenjatunnelen

På E16 i Aurland har det også vorte arbeidd i Onstadtunnelen og Fretheimstunnelen, som no er ferdige. I staden vert det teke fatt på den seks kilometer lange Flenjatunnelen, vest for Flåm.

På vårparten vil sprengingsarbeidet ta til, og då må ein rekna med lengre periodar med nattestenging her. Det vil truleg verta sams kolonnekøyring gjennom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen i denne perioden, melder Vegvesenet.

E16 Voss–Bergen

På E16 mellom Voss og Bergen er det i år planlagt arbeid på Bjørkhaugtunnelen, Sætretunnelen og Arnanipatunnelen. Arbeidet her vert utlyst som felles entreprise i mars/april, med oppstart rett før ferien.

I mars er det planlagt at arbeidet på Langhelletunnelen og Beitlatunnelen skal starta. Oppgraderinga av desse to tunellane frå tidleg 70-talet vart lyst ut som ei felles entreprise hausten 2017, med frist for å koma med anbod 1. februar.

Alt utbetringsarbeidet på tunellane har bakgrunn i det såkalla tunelldirektivet, som Noreg har slutta seg til. Dette gjeld her i landet for tunellar som er meir enn 500 meter lange og har meir enn 300 køyretøy gjennom kvart døger, på europa-, riks- og fylkesvegar. Til saman vil dette omfatta meir enn 150 tunellar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Prosjektet tok til i 2015, og dei siste tunellane vil vera ferdig oppgraderte i 2025.

Kva skjer med desse tunellane?

l Ventilasjonen skal verta betre, mellom anna vert det mogleg å driva ut røyk ved ein brann i tunellen.

l Branntryggleiken vert betre, med nytt sløkkjeutstyr og betre varsling og kommunikasjon.

l Betre ljos, og ljos som er tilpassa dagsljoset utanfor. Leigeljos til bruk i naudsituasjonar.

l Nye kablar, kabeloppheng og tekniske bygg.

l Brennbar vass- og frostsikring vert dekka med betong.

l Fleire havarilommer og snunisjer.

Viktigaste fyrst

– Me tek dei viktigaste tunellane fyrst, seier prosjektleiar Rune B. Sandven.

Det gjeld europavegane, som har utbetringsfrist til 2021.

– Me er så vidt byrja å sjå på aktuelle riksvegtunellar, som har frist to år seinare. Dessutan er det tunellar som vegavdelinga i fylket arbeider med, og det gjeld også fylkesvegtunellar. Her er 2025 tidshorisonten for utbetringa.

Sandven legg til at prosjektet er avhengig av økonomiske rammer, og årlege løyvingar. Til no har ikkje det bydd på vanskar, opplyser han.

– Problemet er heller at omfanget av dette arbeidet er så stort. Det meste må utførast som nattarbeid, det gjer det vanskeleg å få alt ferdig til rett tid.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.