annonse

– Omfattande søk etter den sakna

LEITAR
GJEV IKKJE OPP: Lensmann Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt. (Foto: Terje Hjartnes/Arkiv)

– Me leitar for full styrke, både nede på bakken og i lufta, seier lensmann Robert Veseth hjå Voss lennsmannsdistrikt.

Siri Flatlandsmo Marita Saue Hamre

Tysdag ettermiddag vart Arnhild Rong (65) meld sakna av familien. Onsdag kveld er ho framleis ikkje funnen.

Kvinna la ut på tur i sjutida om morgonen, frå Smågiljane til Gråsidetoppen.

Men ho kom ikkje heim att som planlagt.

Sidan har både politi, redningshundar, Sea King-helikopter, Røde Kors, Sivilforsvaret og andre frivillige leita i fjellheimen.

Vil spora mobiltelefonen

Den sakna kvinna har med seg hund og mobiltelefon. Både familie og politi har prøvd å ringja denne telefonen, men utan å få svar.

– Me jobbar no med tekniske spor for sjå om det er mogleg, ut frå telefondata, å finna ut kvar ho er, seier Veseth.

Prøver å få Sea King-helikopteret i lufta

Sidan tysdag kveld har leiteaksjonen etter kvinna gått for fullt.

– Leiteaktiviteten skal halda fram ut over dagen og kvelden, opplyser Veseth.

Politiet søkjer no etter vitne. Så langt har mange vore i kontakt med politiet for å hjelpa.

– Det er mange som har meldt seg, og det er me veldig nøgde med. Dersom nokon framleis har informasjon, så ta kontakt.

Klokka 19:45 opplyser operasjonsleiar Per Algerøy om at Sea King-helikopteret har landa på Bømoen og er klar til å ta av. Utfordringa er skodde på toppen.

– Me leitar for full styrke. Me prøver å få opp helikopteret. Me håpar det kan letta i løpet av kvelden, seier Algerøy.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.