annonse

Opnar fjellovergangar

OPE
OPE: Rv 13 over Vikafjellet open sundag like etter klokka 13.00. (Foto: Webcamera: Statens vegvesen)

Tidleg sundag ettermiddag har fleire av fjellovergangane som før i dag var stengde av uvêr, vorte opna for trafikk.

Karl Ystanes

Vegvesenet si trafikkmeldingsteneste melder sundag klokka 13.10 at det er innført kolonnekøyring på E 134 over Haukeli. Rv 13 over Vikafjellet er open for trafikk og at Rv 7 over hardangervidda framleis er stengd grunna uvêr.

Tidlegare i dag var fleire av overgangane stengde på grunn av sterk vind og snø.

Då Hordaland sjekka vegmeldingane klokka 13.10, var situasjonen slik:

E16 over Filefjell: Open, men redusert sikt.

Rv7 Hardangervidda: Stengd grunna uvêr.

Ev 135 Haukeli: kolonnekøyring grunna uvêr.

Rv 13 Vikafjellet: Open.

Rv 52 Hemsedal: Kolonnekøyring grunna uvêr.

Fv 50 Hol-Aurland: Open, men kolonnekøyring kan innførast på kort varsel.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse