annonse

Opninga av riksvegen utsett

OPPDAGA:
OPPDAGA: – Me har oppdaga ei masseutgliding under vegen mot jernbanen. Det er heilt ufarleg, men me må byggja opp ein mur i tilknyting til utglidinga. (Foto: Marita Saue Hamre)
SØKKJEHOLET
SØKKJEHOLET: I førre veke sa vegvesenet at planen var å opna vegen i eitt køyrefelt 7. juni, men no er det utsett ei veke. (Foto: Marita Saue Hamre)

Opninga av riksveg 13 på Voss i eitt køyrefelt, er utsett til 14. juni.

  • Bjørn Sandnes

Det var midt i mars at det vart oppdaga eit djupt søkkjehol på riksveg 13 ved Vetleflaten.

Det var ei gammal stikkrenne, ei såkalla kisteveit som Vegvesenet trur er rundt 150 år gammal, som kollapsa.

Denne låg under riksvegen og jernbanelina.

Vegen har vore ljosregulert eller heilt stengd sidan då.

Les òg:

Glide ut

– Me har oppdaga ei masseutgliding under vegen mot jernbanen. Det er heilt ufarleg, men me må byggja opp ein mur i tilknyting til utglidinga. Det gjer at det tek lengre tid før me får opna vegen att, seier byggjeleiar Bente Bergstø i Vegvesenet.

I førre veke sa Vegvesenet at planen var å opna vegen i eitt køyrefelt 7. juni, men no er det utsett ei veke.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse