annonse

Opningsshowet går måndag kveld

Våt opning
Våt opning: Nokon treivst i regnet. Padlarane og raftarane var dei einaste som var i rute. (Foto: Vidar Herre)
RegnPoncho
RegnPoncho: Tilskodarane vart søkk våte og må venta på opninga av Veko. (Foto: Vidar Herre)

Store nedbørsmengder sundag gjer at opningsshowet i Ekstremsportveko går måndagskveld.

Ørjan Brattetveit

Den 20. utgåva av Ekstremsportveko skulle vorte opna på Prestegardslandet kl. 17.00 sundag. Men regn gjorde at arrangørane utsette fyrst til 18.00, og så til kl. 20.

– Me må utsetja opningsshowet til kl. 20 måndag kveld, opplyser Brede Abbedissen.

Sundag var det show inne i eit fullsett vekotelt.

Vêrmeldingane tyder på at det vert langt betre for arrangørane resten av veka.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.