annonse

Opphevar eldforbodet

GRILLA
GRILLA: Frå og med 3. august er det lov å grilla att. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)

Frå og med 3. august kan du grilla att, ifylgje brannvesenet.

Marita Saue Hamre

Fredag melder Voss brannvern at dei opphevar totalforbodet mot bruk av open eld i Voss kommune.

– Me blei einige med Voss kommune om at det har kome såpass mykje regn at brannfaren er redusert, seier Harald Rongen i Voss brannvern.

Dei siste dagane har det kome til saman over 40 mm med nedbør på Voss.

Tillate med grilling

Opphevinga av forbodet betyr òg at ein kan grilla, men då etter kommunen sine reglar.

20. juli vart det forbode å tenna open eld i heile Voss kommune etter svært stor og aukande skogbrannfare.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.