annonse

Ordføraren ber om orsaking for SFO-skandalen

VART DISKRIMINERTE
VART DISKRIMINERTE: Mia Haukås og Håvard Gunnlaugsson fekk ikkje reisa til Bergen saman med resten av borna på Vangen SFO, og kommunen vedgår no at dei vart diskriminerte. Her Mia saman med foreldra Ana Paula Rodrigues Haukås og Bjørn Ove Haukås og Håvard med foreldra Trude Sygnestveit og Yngvar Gunnlagsson. (Foto: Rolf Tepstad)

- Saka er trist, og bryt med grunnleggjande verdiar, skriv ordførar Hans-Erik Ringkjøb.

  • Hans-Erik Ringkjøb
  • Ordførar

Les saka her: Mia og Håvard fekk ikkje vera med på SFO-tur

I laurdagsavisa av Hordaland vart eg utfordra til å koma med klar tale i samband med at fem elevar med nedsett funksjons­evne verken vart gjort kjent med eller fekk høve til å delta på felles­tur til Bergen i fjor. Saka er trist og bryt med grunnleggjande verdiar. I ein elles tøff kvardag, kom denne hendinga på toppen for born og foreldre. Ei hending dei, og me, skulle vore forutan.

Difor var det heilt på sin plass at kommunen, ved kommunalsjef, orsaka hendinga, og at det er sett i verk tiltak for å unngå at dette kan skje i framtida. Som øvste folkevald vil eg òg be om orsaking på vegne av Voss kommune.

Ei kvar form for diskriminering er uakseptabel. Det er nulltoleranse, om diskrimineringa baserer seg på funksjonshemming, legning, hudfarge, kjønn eller alder.

Saka har vore tøff for borna og foreldre. I kjølvatnet av saka finn me òg dyrkjøpt læring i Voss kommune. Me lærer av våre feil, me må stå i det, endra oss og gå vidare klok av skade.

Voss kommune sin nye arbeids­gjevarstrategi seier at Voss skal vera ein inkluderande kommune. Det vil seia at alle blir verdsette, respekterte og får ta del i fellesskapen, at kvar og ein i kommunen skal vera imøte­komande og lyttande og at me skal ta vare på kvarandre.

I tida som kjem skal Voss kommune halda fram med å levera store mengder tenester til oss som bur her. Tilsette og inn­byggjarar skal møtast tusenvis av gonger. La oss, i ljos av denne saka, ta med oss orda frå arbeidsgjevarstrategien i møta med kvarandre: Inkludering, verdsetjing og respekt. Då vert me ein kommune der alle er med!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.