annonse

Osafestivalen for alle pengane

STERK OPNING
STERK OPNING: Gjermund Larsen leverte ein opningskonsert dei frammøtte kjem til å minnast så lenge dei har minne. (Foto: Sveinung Klyve)

Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås trekte inn både Lars Osa og Olav H. Hauge då han opna Osafestivalen. Så slapp feletrollmannen Gjermund Larsen musikken laus.

Nils Kvamsdal

Oddingen Åmås påropte seg vossarøter, men det var neppe grunnen til at han vart spurd om å opna Osafestivalen 2014 i går kveld. Fritt Ord har i fleire år vore ein viktig samarbeids- og støttespelar for festivalen, og få har eit meir vidtskodande utsiktspunkt til norsk kultur enn forfattar og biograf, tidlegare kulturredaktør, sambuar med tidlegare redaktør i Spelemannsbladet, tidlegare statssekretær i kulturdepartementet og no Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås. Så leverta han då også ein særdeles velformulert og poengterte opningstale. Ein tale der han konkluderte med at han frå sin ståstad såg eit folkemuskk-Noreg med utøvarar av høg kvalitet, med eit ope og inkluderande miljø - sjølv om unnataka finst - og med ein kultur der nyskaping går hand i hand med tradisjonsfordjuping og -kunnskap.

- For meg er Sigbjørn Bernhoft Osa lyden av Noreg, sa Åmås - og trekte inn faren, felespelaren og kunstmålaren Lars, dottera og skodespelaren Liv, og venen og diktaren Olav H. Hauge i summen av kvalitetane distriktet her og kulturen står for.

Felespelaren Gjermund Larsen er ikkje vestlending, men trønder. Han leverte ein opningskonsert dei frammøtte kjem til å minnast så lenge dei har minne.

- Eg kjem for å høyra vår neste Ole Bull, sa akademinestor Arnfinn Kyte før konserten. Store ord, men han kan fort ha rett. Det kanskje mest imponerande med Larsen, ved sida av ein uforståeleg god teknikk, er at han aldri gløymer spelemannen i seg. Sjølv når han spelar 1600-tals kunstmusikk eller andre klassiske perler. Det vert ofte sagt at dei beste musikarane er dei som gjer andre sin musikk til sin eigen. Det gjer Gjermund Larsen utan å anstrengja seg det minste.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.