annonse

Oslo Børs i pluss igjen

ER KLAR
ER KLAR: Sjur H Rørlien er klar for å sykla Bergen-Voss i morgon. Det er andre gongen han er med på det populære sykkelrittet.

(NPK-NTB): Hovudindeksen på Oslo Børs steig med 0,4 prosent til 390,20 poeng den første halvtimen etter opninga torsdag.

  • Ntb_admin Admin

Auken er ikkje eintydig, men 27 av dei 59 selskapa som er på hovudindeksen, hadde kursvekst, mens 17 selskap fell og 15 stod er uendra.

Programvareselskapet Opera er igjen i medvind og steig med 3,9 prosent torsdag. Selskapet blir sagt å vere ein oppkjøpskandidat, og Facebook har vore nemnt som ein mogleg kjøpar. Opera-aksjen har stige med nesten 19 prosent den siste veka.

Eit anna selskap som hadde auke denne formiddagen, var Telenor. Telegiganten auka med 1,4 prosent samtidig som det vart meldt at selskapet leiter etter ein ny partnar. Telenor har før skrive ned verdien av samarbeidet med det indiske selskapet Unitech til null.

Gassreiarlaget Golar LNG (+2,1 prosent) gjorde det best blant dei mest omsette selskapa.

Oljeprisen gjekk òg litt opp frå onsdag ettermiddag. Eit fat nordsjøolje kosta torsdag 103,74 dollar. For amerikansk lettolje låg prisen på 87,98 dollar fatet. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.