annonse

Oslo Frp ynskjer skulestart for femåringar

(NPK-NTB): Femåringar vil ha betre utbytte av å vere på skulen enn å vere i barnehagen eller heime. Det meiner Oslo Frp, som no ynskjer at skulestart for femåringar må inn i Frps partiprogram.

  • Ntb_admin Admin

– Resten av Europa har no skulestart for anten fire- eller femåringar. Eg trur også norske barn er i stand til å ta til seg læring som femåringar, seier Christian Tybring-Gjedde, stortingsrepresentant og fylkesleiar i Oslo Frp til Dagsavisen.

Forslaget fører ikkje til lengre skulegang, fordi elevane skal slutte eitt år tidlegare, ifølgje Tybring-Gjedde.

Han meiner også at ein bonuseffekt av forslaget vil vere positivt i integreringssamanheng fordi barn med innvandrarbakgrunn i dag ofte er heime hos mor fram til skulestart.

Per Sandberg i Frps programkomité avviser at skulestart for femåringar er med i førsteutkastet til partiprogrammet, men seier at Frp ynskjer ein differensiert skulestart som er individuelt tilpassa. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.