annonse

Ottar Brox fekk Skjervheimprisen 2017

SAMFUNNSDEBATTANT
SAMFUNNSDEBATTANT: Ottar Brox får Skjervheimprisen 2017. – Eg skal aldri gløyma denne dagen, sa han då han fekk prisen. (Foto: Karl Ystanes)

Ottar Brox får Skjervheimprisen 2017 mellom anna for gjennom ulike roller og ståstader å «vera ein deltakar i strevet for eit betre samfunn.»

Karl Ystanes

– Elektrifiseringa av Noreg var eit folkeleg, kollektivt prosjekt, og folket må framleis eiga kraftforsyninga, sa Ottar Brox i sitt innlegg på Skjervheimseminaret. 

Han brukte utviklinga i kraftbransjen som eitt av mange døme på at den norske velferdsmodellen som vart skapt på 1950 og 60-talet, i dag er under angrep frå fleire hald.

– Eigarane, folket, har blitt til «kundar», og halvprivatiseringsmodellar for statlege selskap dukkar stadig opp. Dette trugar den norske modellen. Han er i forfall, sa den 85 år gamle samfunnsforskaren. 

Vitskapen si rolle

Vitskap og folkestyre i usikre tider, var hovudemnet for Skjervheimseminaret 2017. Ei problematisering av vitskapen si rolle i samfunnet, mellom anna som premissleverandør til politiske prosessar og vegval for samfunnsutviklinga, låg til grunn for ordskifta, og på programmet fann me kapasitetar som Cathrine Holst, Rasmus Slaatelid, Morten Jerven, Andreas H. Hvidsten, Lena Lindgren og Marit K. Slotnæs.

Seminaret samlar filosofar, samfunnsforskarar, fritenkjarar og eigentleg alle som er interesserte i ei tverrfagleg forståing av samfunnet me lever i, og ikkje minst kva lei dette samfunnet går. Eit samfunn og ei verd som i dag står fram som truga og usikker for mange. 

Fleire av deltakarane på seminaret opplevde også ordskifta og innlegga som «dystopiske» eller prega av ein viss pessimisme, der det kunne herska ei viss «Titanic-stemning».

«Relevant kritikk»

Mellom desse var Ottar Brox, som for sitt lange engasjement i samfunnsliv, politikk, forsking og debatt, fekk årets Skjervheimpris. 

I grunngjevinga for prisen heiter det mellom anna at «Ottar Brox har alltid har reist relevant og kvass kritikk av regionale samfunnsplanar, og særleg påpeika at økonomisk vitskap og anna fagkunnskap vert brukt for å legitimera politikk som kan strida mot viktige interesser til lokalsamfunn. At han no får Skjervheimprisen på eit seminar som problematiserer vitskapen si rolle i samfunnet, kan seiast å vera eit ekstra høveleg tidspunkt.»

Det heiter også i grunngjevinga at han får prisen for å ha vore, og framleis er ein deltakar i strevet for eit betre samfunn. Prisen vart delt ut av Trygve Refsdal, ein av grunnleggjarane av det vidgjetne seminaret.

Mangla ord

Den vanlegvis tydlege og slagferdige samfunnsforskaren, forfattaren, politikaren og samfunnsdebattanten sleit noko med å finna ord då forstod kva prisutdelar Trygve Refsdal kunngjorde frå talarstolen. 

– Eg er smigra og glad for prisen, og meiner nok at andre har arbeidd meir for ein slik pris enn meg, men eg er utruleg glad for dette, sa ein rørt prisvinnar, og fekk ståande applaus frå publikum.

Saftige kommentarar

Elles var det ikkje så mykje glede i bodskapen til Brox denne helga, om ein ser bort frå språkblomane hans, saftige kommentarar og underfundige refleksjonar undervegs, og lett dialog med publikum. Tvert imot, han ropar eit varsku, der han ottast for framtida til velferdsstaten og fellesskapet sine verdiar og ressursar. 

Føredraget hans hadde tittelen «Hvordan skaper vi større økonomisk ulikhet i Norge?». Brox viser til fleire døme der ulikskap ser ut til å vinna eit stadig sterkare fotfeste, til ulempe for likskapsmodellen som har lege til grunn for det norske etterkrigssamfunnet, slik det vart meisla ut av Einar Gerhardsen og Gunnar Knudsen og andre politikarar som stod ved roret då landet reiste seg etter krigen, fann olja, tamde fossane og etablerte ordningar som barnetrygd, Televerket og Statens kraftverker.

– Fellesskapen sine fiskeriressursar har hamna på få hender med store båtar, kraftverka er i ferd med å verta investeringsobjekt og dette er berre to døme på demonteringa av den norske modellen, sa Brox, og presenterte omgrepet «rent seeking», som har blitt omsett til norsk med «tilkarringsverksemd».

Tilkarringsverksemda trugar

Brox likar slett ikkje tilkarringsverksemd. Rammene kring Stalheim hotell er så vakre at dei har fått status som verdsarv. Dei er freda.

– Kunne me berre på same vis ha freda levesettet me har hatt i Noreg i mange år, sa han med eit lite sukk til Hordaland etter føredraget.

– Tilkarringsverksemd er å manipulera økonomiske eller juridiske vilkår, i jakta på profitt, i staden for å driva reell verdiskaping. Det er å kjøpa ein stor trålar når du veit at styresmaktene er i ferd med å laga eit kvotereguleringssystem som favoriserer dei store båtane. Privatiseringa av fossane, fisken, olja, fellesskapen sine ressursar, kan gjera Noreg slik me kjenner det til eit vakkert minne, sa Brox, og tok eit oppgjer med eit av dei mest populære orda i næringsliv og delar av politikken, nemleg «omstilling».

«Omstillingsevangeliet»

– Omstillingsevangeliet gjer at nokre få ser ut til å kunna verta fantastisk rike, og baksida av medaljen er fattigdom for svært mange, ulikskapen veks, sosial uro og endra maktforhold oppstår. Me har mykje meir å læra av korleis forfedrane våre skapte samfunnet vårt, enn av omstillingsevangeliet. Likskap er eit viktigare mål enn økonomisk vekst, sa Brox.

Det vart stilt spørsmål frå salen om korleis ein kan bruka Brox si pessimistiske skildring av utviklinga i samfunnet, der han viser vegen me ikkje vil, eller bør gå, til å laga ein visjon om korleis me faktisk vil ha det. Brox hadde tidlegare i innlegget vore inne på at god samfunnsplanlegging er å avgrensa uføresette hendingar. På spørsmålet om visjonen, svara han frigjerande dette:

– Lat meg fyrst visa til Karl Popper som seier at de me kan gjera, er å ikkje realisera ein kompleks plan. Kanskje er det betre å sjå etter kva det er me vil verta kvitt. Det er trass alt lettare å verta kvitt noko, enn å realisera paradis, sa prisvinnar Ottar Brox.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.