annonse

Overskotet opp, handelen ned

SUNDAGSOPE
SUNDAGSOPE: Styrar Roger Fure er godt nøgd med omsetninga i fjor, her saman med Ning Fure. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

Omsetninga i Coop Modalen SA gjekk ned i 2017 i høve til året før, men overskotet auka.

Jan-Egil Dyvik

Det går frå av årsmeldinga som vart lagt fram for årsmøtet i går.

Laget har to butikkar, ein på Øvre Helland og hovudbutikken på Mo.

Til saman vart det omsett for 16,5 millionar kr i 2017, mot 16,7 året før. Driftsresultatet i fjor vart 495.715 kr mot 280.928 i 2016.

Fint overskot

Laget har ei bra inntekt på finansane­ sine, og kunne inntektsføra 405.000 kr når finansutgiftene er trekte frå, tilsvarande tal i 2016 var 346.000 kr.

Årsoverskotet vart i 2017 675.999 kr, mot 451.253 kr i 2016. Fordelt på butikkane vart det omsett for 13,1 millionar kr på Mo og 3,9 millionar kr på Øvre Helland.

Omsetninga på Mo gjekk ned med 368.000 kr og på Øvre Helland auka den med 189.000 kr.

Netflix-innspeling

Det totale driftsresultat kjem fram ved at avdelinga på Øvre Helland vart minus 117.600 kr og butikken på Mo fekk eit positivt resultat med 613.314 kr.

Butikken på Mo sel også drivstoff, som i 2017 utgjorde ei omsetning på vel to millionar kr, litt mindre enn i 2016.

Innspelinga av Netflix-serien «Innocents» i fjor, førte til ekstra handel frå mannskap og skodespelarar, heiter det.

Godt nøgd med 2017

Styrar Roger Fure er godt nøgd med resultatet i fjor.

– Me er heilt avhengige av overskot for å ha råd til investeringane som kjem i framtida, seier han.

Butikken kjem elles til å halda fram med å ha sundagsope om sommaren, frå mai i år. Kommisjonær for Norsk Tipping har butikken vore lenge.

– Snart vil kundane våre også kunna levera rikstoto-kupongar hjå oss, seier Fure.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.