Avisa Hordaland

«På innsida av Olav H»

TOLMOD: Daniel Oppheim knyter slipset, som den heilt unge Olav H. Hauge. Kjem jentene til å lika han? SIGRID SEIM | tekst og foto

På innsida av Olav H

Publisert: 20.04.08 kl. 19.02
Skribent: Sigrid Seim
E-post: ss@avisa-hordaland.no

Alt er film, deler av produksjonen som Vigdis Nielsen frå Ulvik no er i ferd med å fullføra.

«Den andre mannen» skal ha premiere under poesifestivalen i september, og på NRK 1 seinare på hausten. Flimmerfilm i Bergen er produsent.
Den nest siste filmøkta i Ulvik er i gang, i eit eldre hus hjå Astrid Børsheim på Torblå. Daniel Oppheim knyter slipset på seg framfor ein spegel – om att og om att. Snur seg ørlite, går eit steg til sides, ser roleg inn i spegelen.
Alt på ordre frå filmfotograf Tore Vollan og regissør Vigdis Nielsen.

Skriv og arbeider

I kjøkenet der dei held til luktar det mat, etter flesket som dei har steikt litt tidlegare. Ute har Jan Holden pause, i rolla som den vaksne Olav H. Hauge. Han har skrive nokre vers før på dagen, og skal om litt i gang med å kløyva ved.

Også ein tredje Haugespelar er på tunet, i jobb som ljosmann. Eirik Heldal har spela Hauge som ung mann.

Filmen er ein dokumentar, og opptaka skal visa hovudpersonen i daglegdagse situasjonar. Dramasituasjonane skal klyppast saman med ekte arkivmateriale, frå ulike periodar i Olav H. Hauge sitt liv. Det er gjort opptak i Ulvik i fleire omgangar. Mykje på Torblå, der dei held til denne dagen.

— Me har filma om hausten, og om vinteren. Plukka pas, og hausta eple, forklarar Vigdis Nielsen.
Lenge leitte dei etter hus, før dei fann huset med den rette følelsen.

— Me har også gjort ei rekkje intervju, om Olav H. Hauge. Med til dømes Einar Økland, Jens Haukås og Idar Stegane, Jon Fosse, og eldre folk i Ulvik.

Meir i papirutgåva 19. april

 

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Siste frå Voss

Rassikring og stengd stamveg neste veke

E16: Frå neste veke vil vegvesenet setja i gang arbeid ved Godfarskolten og i Kattagjelet mellom Bolstad og Evanger. / Les saka

DANIEL M. KVARME | tekst og foto

Frekt tjuveri hjå Fretex

VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka

Søk i avisene tilbake til 2004
kan du enkelt gjera her. Skriv inn søkeordet ditt - og du får opp fleire val. Klikk på dei ulike vala og du får opp eit bilete av sida søkeordet dukkar fram på. Klikk på biletet for å lasta ned og kjøpa sida.

Søk i tidlegare utgåver:

Buy and Read

Siste frå Granvin/Ulvik

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

SOL, SOL, SOL: Ei heil veke med sol ventar oss, i fylgje dei siste meteorologiske  prognosar.  Yr.no trur på over 20 grader, Vêrvarslinga på Vestlandet lovar minst 17 grader.  Arkivfoto.

Strålande utsikter for helga

VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka

Siste frå Vaksdal/Modalen

Rassikring og stengd stamveg neste veke

E16: Frå neste veke vil vegvesenet setja i gang arbeid ved Godfarskolten og i Kattagjelet mellom Bolstad og Evanger. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang over Hamlagrøvatnet»

Solnedgang over Hamlagrøvatnet

23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka

Bilete til saka «Frå Farne Tider»

Frå Farne Tider

Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt