annonse

Paragliderulukke ved Voss ungdomsskule

Piloten hadde for stor fart inn mot landing og landa i nærleiken av ungdomsskulen.

  • Katrine Nordanger Mjelde

Klokka 13.32 fekk politiet melding om at ein paraglider hadde landa stygt i nærleiken på Voss Ungdomsskule.

Mannen i femtiåra skal ha hatt for stor fart då han landa. Poilitiet opplyser at han ikkje er nemneverdig skadd.

Ambulanse kom til staden og piloten vart køyrd til Voss Sjukehus for helsesjekk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.