annonse

Påskekylling i Raundalen og påskeharar på Mjølfjell

LAGA KYLLING
LAGA KYLLING: Emma Rykke Finnbråten (til v.), Jenny Arneberg Stueland, Knut Halvorsen Rykke, Skage Rykke Finnbråten og Håkon Halvorsen Rykke var alle med på å laga kyllingen. (Foto: Irene Rykke)
ROSA
ROSA: Påskeharane er på plass på Mjølfjell utanfor hytta til Elizabeth Houge og familien. (Foto: Elizabeth Houge)

På Gudmundset i Raundalen har dei ein litt spesiell familietradisjon i påsken.

Ingvild Siglen Berger

Der byggjer dei nemleg ein gigantisk påskekylling av snø, som dei måler gul med raudleg nebb og legg kvist rundt som eit reir. Det er Irene Rykke med familien som plar å laga kyllingen kvart år.

- Det har vore ein familietradisjon i mange, mange år. Og kyllingen har berre vorte større og større, fortel Rykke.

Måler med konditorfarge

Påskekyllingen står på ein fast plass i Raundalsfjellet, nærare bestemt Gudmundset. Vanlegvis vert den laga til påskehelga.

- Men det var ein gjeng her ute i palmehelga, så den var ferdig til palmesundag. Både små og store har vore med på å laga den, seier Rykke, som fortel at kyllingen vert måla med konditorfarge.

- Sånn at det ikkje skal vera farleg for naturen. Me bruker sprayflasker. Fargen har forsvunne litt no, men i dag er det folk på plass for å friska opp fargen, seier ho.

Brukt som turmål

Hadde snøen vore turr og fin hadde fargen heldt litt betre.

- Men no er det slush her, så då forsvinn fargen litt etter litt. Me får sjå kor lenge kyllingen varer i år, seier Rykke.

Ho fortel at dei tidlegare har vurdert om dei skal slutta å laga den.

- Men så er det stadig folk som spør etter påskekyllingen, og den vert brukt som turmål for mindre born. Det er veldig gøy, fortel Rykke.

«Sjølvportrett»

Tradisjon tru har også dei rosa påskeharane kome på plass på Mjølfjell.

- I år har kjærasteparet fått baby og sambuaren min har kalla årets kunst «sjølvportrett». Kona sit og drikk vin og surfar på mobilen, medan mannen passar babyen, fortel Elizabeth Houge.

For fjerde året på rad pyntar påskeharane skiløypa.

- Det har nok vore 500 stykk for å sjå og ta bilete av denne desse dagane, seier Houge.

Send oss bilete

Tek du nokre kjekke bilete i påsken? Send dei gjerne til oss!

Du kan senda oss lesarbilete her, eller på Snapchat, der brukarnamnet vårt er avisahordaland. Når påsken nærmar seg slutten legg me ut bileta i ein kjekk biletserie her på nettsida vår.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.