annonse

Påtroppande rådmann på plass

PÅ PLASS
PÅ PLASS: Onsdag hadde Arild M. Steine sin fyrste arbeidsdag på Voss, som prosjektleiar og påtroppande rådmann for Voss herad. Og som ein ser, vart han lokka rett ut på glattisen av lokalavisa! (Foto: Rolf Tepstad)

– Det kriblar litt, skal ikkje nekta for det. Men eg er ein rimeleg stabil person, så eg har beina trygt på jorda, fastslår Arild McClellan Steine.

Rolf Tepstad

Ved nyttår 2020 vert han Voss herad sin fyrste og historiske rådmann. Fram til då skal han vera prosjektleiar for samansmeltinga av noverande Voss kommune og Granvin herad.

Onsdag hadde han sin fyrste arbeidsdag på Voss, der han har fått kontor i 3. høgda på Tinghuset, i avdelinga der òg Voss kommune si leiargruppe har tilhald.

Saumlaus overgang

– Var så vidt innom og prøvde stolen her i melsdagane. Men dette er fyrste ordinære dagen her på Voss, seier Steine, og opplyser at han alt har hatt eit par dagar til å gjera seg kjend med folk og tilhøve i Granvin.

– Du er prosjektleiar enn så lenge. Kva er prosjektet?

– Prosjektet er å byggja den nye kommunen. For dét er heilt klart; noverande Voss kommune og Granvin herad tek slutt 31. desember 2019, og i mellomtida skal me i prinsippet ha det nye Voss herad på plass. Utfordringa vert då å få til ein mest mogleg saumlaus og smertefri overgang for alle partar.

Nedfelt i fellesdokument

– Det er vel òg slik at ingen skal mista jobben i saman­slåinga?

– Ingen skal verta oppsagde som konsekvens av samanslåinga, det står nedfelt i felles­dokumentet Voss og Granvin har underteikna. Men i den grad det er dobbelt opp av funksjonar i dei to kommunane, til dømes i leiarstillingar, vil det heilt klart måtta verta slik at tilsette får endra stillingsfunksjon og arbeidsområde. Å finna gode løysingar på dette vert mellom arbeidsoppgåvene eg skal jobba med framover, seier Arild M. Steine.

– Voss herad unik

Det er framleis nær to år til dei noverande kommunane Voss og Granvin går saman til Voss herad. Her finst rammer for samanføyinga i fellesdokumentet dei to kommunane har underskrive, men det er no opp til Steine å trekkja liner for korleis gjennomføringa skal skje i praksis.

Ei heilt sentral brikke i arbeidet vert uansett den felles kommuneplanen som skal lagast, og der arbeidet for alvor startar med felles kommunestyremøte i Vossasalen måndag neste veke.

Der skal politikarane, 43 stk. frå Voss og 13 stk. frå Granvin, delast opp i ti grupper som etter tur skal drøfta ti ulike «fokus­område» i løpet av dagen.

Få diskusjonen på sporet

Steine skal i den samanhengen ha base på bordet der temaet er «visjonar, mål og verdiar». Så her vil dei folkevalde kanskje få servert nyerådmannen sine personlege kongstankar for Voss herad?

MUNTER PASSIAR
MUNTER PASSIAR: Arild M. Steine (t.v.) og Hans-Erik Ringkjøb let til å finna tonen, då dei onsdag hadde sin fyrste formelle samtale om nye Voss herad. Foto: Rolf Tepstad

– Nei, i denne samanhengen vert nok min jobb mest å få diskusjonen på sporet, og elles lytta til kva politikarane meiner. Og drøftinga bør sjølvsagt ikkje avgrensa seg til kva som bør skje ved samanslåinga i 2020, men i langt større grad til korleis Voss herad skal vera i 2025 og i 2030. Det er i alle fall viktig at den nye kommuneplanen peikar ut retning for korleis ting skal bli, seier Steine.

Identitet

Den påtroppande rådmannen er elles full av entusiasme for sin nye jobb, som han på direkte spørsmål frå Hordaland slår fast er sjølve draumejobben.

– Nyskapnaden Voss herad vert heilt unik, ved at han kombinerer merkevarene Voss og Hardanger. Ein kan knapt høyra eit intervju med ein kjendis frå Voss utan at det vert understreka kvar vedkomande kjem frå. Voss sin identitet med idrett, friluftsliv og ekstremsport står sterkt i heile Noreg. Og så Hardanger i tillegg, med sin storslåtte natur, nasjonalromantikken og sitt spennande reiseliv. Ein uslåeleg kombinasjon!

Endå meir strandline

Delar av samtalen mellom Hordaland av den påtroppande rådmannen finn stad på ordførar Hans-Erik Ringkjøb sitt kontor.

Sistnemnde understrekar at Voss herad truleg får ei endå langt større strandline enn tilfellet er i dag, då òg Oksenhalvøya etter alt å døma vil gå frå Ullensvang og over til nye Voss herad frå nyttår 2020.

I samtalen dei to imellom vert elles rolla mellom politikk og administrasjon spesielt drøfta.

– Administrasjonen skal gje råd og peika ut dei lange linene. Men aldri gløyma at det er politikarane som er sjefen, at det er dei som bestemmer. Og er det konsensus i kommunestyret om ei sak, er det dét eg som rådmann lyt forholda meg til, seier Arild M. Steine, og får samtykkjande nikk over bordet frå ordføraren.

– Og den dagen eg ikkje lenger likar politikarane, då lyt eg finna meg noko anna å gjera, legg han til.

Halvt skotsk???

Dersom nokon lurer på nyerådmannen sitt mellomnamn, så treng dei ikkje gjera det lenger.

– Nei, eg er ikkje halvt skotsk, lyder svaret kontant, når Horda­land spør.

– McClellan er kona mi sitt namn, som eg tok då me gifta oss for 22 år sidan. Kona mi Kirsten er elles amerikansk, ikkje skotsk, gjer Steine klart.

Og trass i eit skandinavisk førenamn, har ho ingen skandinaviske aner. Så veit me det òg!

Arild McClellan Steine er 44 år, busett i Norheimsund, og var fram til nyttår rådmann i Kvam herad.

Steine vil i prinsippet pendla til jobben på Voss, får Hordaland vita.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.